Zhong Gong eller zhonggong (中功) er ei åndeleg rørsle basert på qigong som blei grunnlagd i 1987 av Zhang Hongbao.Smith, Craig S. "Asylum Plea by Chinese Sect's Leader Perplexes the U.S.," The New York Times, 31 July 2000 Det fulle namnet (中华养生益智功) kan omsetjast til ‘Kina helsebevarande og visdomsutviklande øvingar’. Systemet skilde seg frå andre qigong-praksisar gjennom ei strukturert organisasjonstilnærming og ein kommersiell modell som eit forsøk på å etablere eit nasjonalt nettverk av skular og lækjingssenter i Kina i løpet av 1990-talet.Palmer (2007), s. 208

Zhonggong fekk nasjonal tyding under «qigongfeberen» som greip Kina under Deng Xiaoping. På høgdepunktet sitt hadde zhonggong eit stort nettverk av skular, instruktørar og utøvarar, og rørsla hadde innverknad utover ulike sosiale og institusjonelle nivå. Zhang Hongbao hevda i 2003 at rørsla hadde rundt 38 millionar tilhengjarar, og sjølv statsleiaren Jiang Zemin var interessert i dei potensielle helsefordelane.Jensen, Lionel. Entry on "Falun Gong" in the Encyclopedia of Contemporary Chinese Culture, Edward L. Davis (ed.) Routledge 2004, pp. 252–263

I 1999 erklærte dei kinesiske styresmaktene zhonggong som ein ulovleg organisasjon, i lag med falungong og andre «kjetteriske kultar» som kunne sjåast på som trugsmål mot staten.Leung, Beatrice. "China and Falun Gong: Party and society relations in the modern era," Journal of Contemporary China, 11:33, 2002, pp. 761–784 Som følgje av dette blei eigedommane til rørsla konfiskerte, og 600 nøkkelmedlemmar blei arresterte. Zhang Hongbao unngjekk arrest og flykta til USA, der han søkte om politisk asyl. Han fekk status som verna innbyggjar i 2001. I juli 2006 omkom Zhang i ei bilulukke. Zhonggong heldt fram som ei undergrunnsrørsle og i utlandet.

Kjelder

- Registration required

Kategori:Meditasjon Kategori:Skipingar i 1987 Kategori:Religion i Kina Kategori:Tradisjonell kinesisk medisin