Albert Ludwig Grimm () var ein tysk forfattar, pedagog og politikar. Som brørne Jacob og Wilhelm Grimm, ikkje hans slektningar, bidrog han til Achim von Arnim og Clemens Brentano si samling Des Knaben Wunderhorn og var elles ein iherdig samlar av folketradisjon.
Grimm studerte teologi og filologi ved universiteta i Tübingen og Heidelberg frå 1804 til 1806. Frå 1807 arbeidde han fyrst i Weinheim som lærar, seinare som pedagogisk leiar. I 1809 gav han ut Kindermährchen, ei bok som vart fylt opp med ei rekke andre verk.
Frå 1829 til 1838 var Grimm ordførar i Weinheim, og som tilhengar av det moderate framstegspartiet var han fleire gongar medlem av andre-kammeret i Baden sitt delstatsparlament. I 1831 støtta han Jakob Wilhelm Speyerer sitt framlegg om å gje jødar full borgarrett. Vgl. Gereon Becht-Jördens: Eine Kindheit auf dem Haarlaß bei Heidelberg, dem Anwesen des Heidelberger Bürgermeisters und Abgeordneten der badischen Ständeversammlung Jacob Wilhelm Speyerer (1789–1876). In: Hermann Wiegand, Hiram Kümper, Jörg Kreuz (Hrsg.): Reformation – Aufklärung – Revolution – Emanzipation. Beiträge zur Kultur-, politischen Ideen- und südwestdeutschen Landesgeschichte. Festschrift für Wilhelm Kreutz zum 70. Geburtstag. Verlag Regionalkultur, Ubstadt-Weier u. a. 2020, ISBN 978-3-95505-251-5, S. 175–2010, hier S. 203f. mit Anm. 54.
På norsk kom ulike segner og eventyr frå Grimms penn ut i 1875, 1909, 1910 og 1911, dei siste utgåvene omsett av Augusta Stang.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Albert Ludwig Grimm» frå , den 13. april 2026.
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske politikarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Baden-Württemberg