Hans Jørgen Wetlesen () var ein norsk militær offiser fødd i Skjeberg.
Wetlesen var son til ein tollar. Sjølv var han offiser frå 1795. 1816-25 var hanmajor i ingeniørbrigaden. Etter ein sjuårsbolk som oberstløytnant i hæren, tok han til att i ingeniørbrigaden i 1832. Sjef i same frå 1833, deretter generaladjutant 1834 og generalmajor 1837.
Wetlesen representerte Bergen i Stortinget 1815-16. Han var med i 4 komitear, og var formann i komitéen om militære saker.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Norske militære