Emil Adolf von Behring () var ein tysk lege. Han var den fyrste som blei tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1901 for forskinga si på serumterapi, særleg mot difteri.

Liv og virke

Bakgrunn Behring var fødd i Hansdorf i Preussen, no Ławice i Polen, som son av læraren Georg August Behring (1819-1886) og den andre kona hans, Augustine Zech (1828-1892). Mellom 1874 og 1878 studerte Behring medisin ved Akademie für das militärärztliche Bildungswesen i Berlin.

Karriere Behring var hovudsakleg militærlege. Etter å ha arbeidd som assistent under Robert Koch fekk Behring tittelen professor i 1893. Kort tid seinare blei han utnemnd til professor i hygiene i Halle. Han blei så professor for hygienelære på det medisinske fakultetet ved Universitetet i Marburg. Han var i denne stillinga resten av yrkeslivet sitt.

Behring og farmakologen Hans Horst Meyer hadde sine respektive laboratorium i same bygning, og Behring stimulerte Meyer si interesse for korleis tetanustoksinet fungerte.

Behring oppdaga at organismen kan danna motgift mot bakteriegifer. Oppdagingane hans var grunnlaget for immunitetlæren og dei i dag viktige behandlingane med vaksina og antiserum. Dei førte òg til framleiinga av antidifteriserum, der dei fyrste forsøk på menneske fann stad mot slutten av 1891.

Nobelprisen hans er no i Genève, der han er på utstilling ved Den internasjonale Raude Kross- og Raude Halvmånerørsla.

Privatliv mini|venstre|Villa Behring på Capri (det raudbrune huset) mini|venstre|Mausoleet til Behring i Marburg. I desember 1896 gifta Behring seg med 18 år gamle Else Spinola som var dotter av Bernhard Spinola, direktør ved Charitésykehuset i Berlin, og ei jødiskfødd mor som konverterte til kristendomen då ho gifta seg.Derek S. Linton, Emil von Behring: Infectious Disease, Immunology, Serum Therapy, American Philosophical Society, 2005, p. 198 Behring og Spinola fekk seks søner. Dei hadde bryllaupsferien sin på Capri i 1897, der Behring hadde eit feriehus. I 1909 til 1911 budde den russiske forfattaren Maksim Gorkij i feriehuset.

Behring døydde i Marburg i Hessen-Nassau i 1917.

Publikasjonar Behring skreiv og gav ut ei rekkje publikasjonar.

Die praktischen Ziele der Blutserumtherapie (1892) Das Tetanusheilserum (1892) Die Geschichte der Diphtherie (1893) Bekämpfung der Infektionskrankheiten (1894) Allgemeine Therapie der Infektionskrankheiten (1900). Beiträge zur experimentellen Therapie (1906) E. v. Behring's Gesammelte Abhandlungen (1915) Digital versjon hos University and State Library Düsseldorf

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Emil Adolf von Behring» frå , den 25. april 2026.

Kategori:Nobelprisen i medisin Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Tyske legar