Songtsän Gampo (ca. 617-649 AD) var grunnleggjaren av det tibetanske riket. Ifølgje tibetansk tradisjon var han den trettitredje herskaren frå dynastiet sitt, Yarlung-dynastiet. Under Songtsän Gampo angreip tibetanarane dei omliggjande områda og gjorde Tibet til ei stormakt, noko landet heldt fram med å vere fram til den siste kongen døydde på midten av 800-talet. Han er også kjend for å ha gifta seg med ei nepalsk og ei kinesisk prinsesse (kinesarane rekna dette som eit bevis på Tibets underkasting under Kina, noko tibetanarane ikkje er samde i), som saman skal ha påverka kongen til å introdusera buddhismen i Tibet.
Det er vanskeleg å fastsetja datoane for kva tid Songtsän Gampos blei fødd og kom på trona. I tibetanske kjelder er det generelt akseptert at han var fødd i år 617 (eitt år før grunnleggjaren av Tang-dynastiet Gaozu blei keisar). Problemet er at han skal ha vore fødd i eit uspesifisert oksens år i den kinesiske kalenderen, og det kan òg ha vore 569, 593 eller 605, dette kan ein ikkje slå fast heilt sikkert. Han skal ha kome på trona då han var tretten år (tolv etter vestleg aldersbestemming), og det kan ha vore i 629. venstre|mini|300x300pk|Songtsän Gampo med Bhrikuti Devi (venstre) og Wenchen (høgre).
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Songtsän Gampo» frå , den 30. april 2026.
Kategori:Tibetanske keisarar