Baltistan (urdu بلتستان), òg kjent som Baltiyul på språket balti, er ein region i den nordlege delen av pakistansk Kashmir, på grensa til den kinesiske regionen Xinjiang. Baltistan ligg i Karakorum-fjellkjeda og er eit utprega fjellområde, med ei gjennomsnittshøgd over havet på 3350 meter.

Baltistan er hovudsakleg folkesett av balti-muslimer, som er etterkommarar av tibetanske folkegrupper som konverterte til islam frå tibetansk buddhisme før 1500-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baltistan» frå , den 30. april 2026.

Kategori:Pakistansk geografi