Conradh na Gaeilge, historisk kjend på engelsk som Gaelic League, «Gælisk forbund») er ein sosial og kulturell organisasjon som arbeider for å bevara irsk som eit levande talespråk i Irland og over heile verda.
Organisasjonen blei grunnlagd 31. juli 1893 av Douglas Hyde frå Frenchpark i Roscommon, som var den fyrste leiaren, i lag med Eugene O’Growney, Eoin Macneill, Luke K. Walsh og andre. Han stod fram som etterfølgjaren til fleire grupper frå 1800-talet, som Gaelic Union, og blei raskt den viktigaste organisasjonen til fremje av gælisk kultur i Irland.«A Brief History of Conradh na Gaeilge», Conradh na Gaeilge
Den fyrste avisa som blei gitt ut av organisasjonen var An Claidheamh Soluis («Sverdet til lyset»);Murphy, Brian P. (2005): The Catholic Bulletin and Republican Ireland: with special reference to J. J. O'Kelly ('Sceilg'). London: Athol Books. ISBN 0-85034-108-6; s. 51–53. den mest kjende redaktøren for denne var Pádraig Pearse. Mottoet til forbundet var «Sinn Féin, Sinn Féin amháin» (‘Oss sjølve, oss åleine’).Murphy, Brian P. (2005): The Catholic Bulletin and Republican Ireland: with special reference to J. J. O'Kelly ('Sceilg'). London: Athol Books. ISBN 0-85034-108-6; s. 51–53.
Medan Douglas Hyde lykkast i å trekkja fagforeningarfolk til sambandet, gav organisasjonen i aukande grad uttrykk for den nasjonalistiske impulsen bak språkvekkinga. Frå 1915 anerkjende medlemmar leiarskapen til Irish Republican Brotherhood i kampen for irsk statsdanning. Etter opprettinga av Den irske fristaten, og avgrensa framsteg med omsyn til undervising og offisiell bruk av det irske språket, overførte mange medlemmar forpliktingane sine til dei nye institusjonane, dei politiske partia og utdanningssystemet.
Organisasjonen i dag venstre|mini|Kontora til Conradh na Gaeilge i Dublin. I seinare år har organisasjonen hatt meir av ei bakgrunnsrolle i det offentlege livet. Ein av dei viktigaste kampanjane han har drive er å få anerkjent irsk som eit offisielt språk i EU.
Conradh na Gaeilge var i byrjinga av 2000-åra innblanda i ein strid med partiet Fine Gael, som føreslo å fjerna irsk som obligatorisk fag på avgangseksamen frå grunnskulen. Organisasjonen oppfordra veljarar til å berre stemme på kandidatar som var for å halda på irsk som obligatorisk fag.
Organisasjonen er særleg sterk i Nord-Irland, medan det i staten Irland berre er nokre få aktive lokallag.
I 2008 vedtok Conradh na Gaeilge nye vedtekter, der referansane til «irsk fridom» frå etter 1915 blei fjerna, samtidig som dei stadfesta ambisjonen om å gjenoppretta irsk som kvardagsspråk i heile Irland.«Exciting New Era for the Conradh» (pressemedling). News: Conradh na Gaeilge. 22. august 2013. I Nord-Irland kjempa organisasjonen for ein lov om irsk språk, Irish Language Act.McClafferty, Enda (26. oktober 2022): «Irish language and Ulster Scots bill clears final hurdle in Parliament», BBC News Då Nord-Irland ikkje hadde ei fungerande nasjonalforsamling innlemma det britiske parlamentet i 2022 mange av dei foreslåtte føresegnene i Loven om identitets- og språk for Nord-Irland, Identity and Language (Northern Ireland) Act.«Identity and Language (Northern Ireland) Act 2022», Legislation.gov.uk
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Conradh na Gaeilge» frå , den 16. mai 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Keltiske språk Kategori:Irske organisasjonar Kategori:6°V Kategori:53°N