Hans Johan Sollie () var ein norsk bokhandlar og politikar, stortingsmann 1934–36 for partiet Høgre.
Rektorsonen Sollie voks opp i Ålesund og Halden. Frå 1903 til 1908 arbeidde han i ulike bokhandlar i hovudstaden. I 1908 flytta han til Horten og opna eigen bokhandel i byen. Sollie var medlem i Horten bystyre frå 1913. Han var ordførar frå 1920 til 1945, bortsett frå dei åra då Noreg var okkupert av Nazi-Tyskland. Valbolken 1934–36 representerte han kjøpstadene i Vestfold fylke i Stortinget, medlem i Protokollkomiteen. Hausten 1945 var han medlem i Kyrkje- og skulekomiteen då han møtte i Stortinget som varamann for Petter Meyer.
Sollie deltok i mange samanhengar i det lokale organisasjonslivet. 1912–18 leia han handelsforeininga i byen, og var til ulike tider formann Horten Skiklubb og Horten Skøyteklubb. I 1928 var han med i komiteen som førebudde ferjesambandet Moss–Horten, og 1930-33 var han medlem i tilsynskomiteen for Vestfold-linja. Han var elles styremedlem i avisa Gjengangeren frå 1921 til 1945, i Horten og Omegns Privatbank frå 1939 og i Kommunale Kinematografers Landsforbund på 1930-talet.
Kjelder Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste Gjengangeren, 14. februar 1973
Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold-byane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Horten Kategori:Høgreordførarar i Vestfold Kategori:Norske bokhandlarar Kategori:Folk frå Horten