Jens Peter Gløersen Debes () var ein norsk jurist frå Christiania. Han var høgsterettsassessor 1814-32.

Debes studerte til cand.jur. i 1796. Frå 1799 var han auditør ved sønnafjeldske gevorbne infanteriregiment, sidan 1806 assessor ved stiftsoverretten for Akershus. 1814 vart han assessor ved Høgsteretten, året etter også medlem i overkriminalretten. Han var 3. varamann til Stortinget 1815–16, møtte i 1816 frå 1. april og var med i komiteen om Kristiansand som frihamn. Debes deltok i riksrettane 1815–16, 1821–22 og 1827 som medlem av Høgsteretten.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Oslo