Otto Olsen Pramm () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidskog i Hedmark.

Pramm vart underoffiser i 1882, og vart sidan fremja til sersjant i 1887, kommandersersjant i 1889 og fanejunker i 1902. Han tok over farsgarden Pramhussæter i 1889 og dreiv i tillegg handel med tømmer.

Pramm var ordførar 1908–13 i Eidskog og hadde gjennom åra dei fleste kommunale verv, og mange private verv. 1913–15 var han varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Vinger og Odalen. Han møtte fast frå 12. juli 1913 og resten valperioden. På Tinget hadde han sete Konstitusjonskomiteen. Pramm representerte Venstre.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Eidskog Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Eidskog