mini|Opningsseremonien av Høglandsleikane i Canmore i 2004. Høglandsleikar (, ) er ei gruppe tevlingar som særleg omfattar styrkeøvingar. Denne typen arrangement blir haldne om våren og sommaren i Skottland og fleire andre land med ein stor skotsk diaspora som ein måte å feira skotsk og keltisk kultur på, særleg den knytt til det skotske høglandet. Nokre aspekt ved spela er så velkjende at dei er blitt symbolske for Skotland, som sekkepipe, kilt og styrkearrangement, særleg steinkast, skotsk hammarkast, vektkast, vekt over stong, staurkast, tønnekast og nek-kast. Medan dei legg vekt på tevlingar i sekkepipespel og tromming, dans og skotske styrkeprøvar, kan leikane òg omfatta underhaldning og utstillingar knytte til andre aspekt av skotsk og gælisk kultur.
Cowal Highland Gathering, betre kjend som Cowal Games, blir halden i Dunoon vest i Skottland kvart år i august. Dette er det største Highland-arrangementet i Skottland, og lokkar til seg rundt 3 500 konkurrentar og kring 23 000 tilskodarar frå heile verda. Utanfor Skottland blir det overgått med omsyn til tilskodarar av tre samlingar i USA: Grandfather Mountain i Nord-Carolina, som har kring 30 000, Highland Games & Festival i New Hampshire, som tiltrekker seg over 35 000 årleg; og den enda større Scottish Highland Gathering and Games i Nord-California, som er den største på den nordlege halvkula og har blitt halden årleg sidan 1866. Denne hendinga blir for tida halden i Labor Day-helga i Pleasanton i California. Den 150. tilstellinga blei halden den 5.-6. september 2015, og hadde eit rekordpublikum på nær 50 000.
Dei blir sag at høgslandsleikane påverka baron Pierre de Coubertin då han planla gjenopplivinga av dei olympiske leikane. De Coubertin såg ei framsyning av høglandsleikar ved verdsutstillinga i Paris i 1889.
Historie høgre|mini|Samling av sekkepipekorpsa ved Glengarry Highland Games i Maxville i Ontario i Canada i 2006. høgre|mini|Vekt over stong-tevlinga ved Carmunnock Highland Games i Skottland. høgre|mini|Dansekonkurranse ved Dornoch Highland Gathering i Skottland.
Den eldste historiske omtalen av denne typen tilstelling i Skottland er frå tida til kong Malcolm III (ca. 1031–1093), som kalla inn menn for å springa opp Craig Choinnich ved Braemar for å finna den raskaste springaren i Skottland til å bli den kongelege sendebodet hans. Eit dokument frå 1703 kallar inn klanen til lairden av Grant, Clan Grant. Dei skulle koma kledd i «Highland coats» og med «gun, sword, pistol and dirk». Frå dette brevet kan ein gå ut frå at deltakarane også tevla i våpenbruk. Ein trur også at det blei halde tilstellingar der dei sterkaste og modigaste soldatane i Skottland fekk prøva seg. Musikarar og dansarar blei også oppmuntra til å visa fram evnene sine, og gjennom dette auka omdømet til klanen dei representerte.
Dei moderne høglandsleikane blei stort sett utvikla på 1800-talet, frå perioden etter jakobittopprøra og det etterfølgjande forboda mot bruk av høglandsklede.
Ved midten av 1900-talet var det blitt etablert årlege høglandsleikar i Skottland og over heile USA, Canada, Australia, New Zealand og Sør-Afrika, blant andre stader med ein tydeleg skotsk diaspora. Den eldste tilstellinga i Nord-Amerika går heilt tilbake til 1836 i New York, og til minst 1863 i Nova Scotia. Den moderne, ganske kommersialiserte forma av leikane har gjort mykje for å fremja tartan, kilt og andre element av høglandskultur i utlandet. Dei kan ha opptil titusentals vitjande, ein stor del av dei i høglandsdrakt. Leikane er hovudinntektskjelda til ein liten industri av profesjonelle kiltmakarar utanfor Skottland, og er dei hovudrekrutteringsarenaen for talrike klanforeiningar.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Highland games» frå , den 8. juni 2026. oppgav desse kjeldene: Bibliografi
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skotsk kultur