Frank Shorter () er ein USA-amerikansk tidlegare langdistanseløpar som i 1972 vart olympisk meister i maratonløping.

Aktiv Sommaren 1970 i Leningrad sette Shorter personleg rekord på 10 000 meter med 28.22,8, då han sigra på distansen i landskamp mot Sovjetunionen. Kort tid etter vann han milløpet ved Bislett-leikane i Oslo, og stadfesta at han høyrde til verdseliten på distansen.

Under dei olympiske leikane 1972 i München, der han sjølv var fødd, vart Shorter femtemann på 10 000 meter. Vinnaren Lasse Virén frå Finland sette verdsrekord med 27.38,4, Shorter fekk personbeste 27.51,4. Ei veke seinare vann Shorter den olympiske gullmedaljen i maratonløpet, ei tevling der han sprang åleine i tet i over 20 kilometer og slo sølvvinnaren med over to minutt.

Åra 1970-73 vann han  Fukuoka maraton fire gongar på rad. I desember 1972 vann han dette løpet på tida 2.10.30, hans beste tid i noko maratonløp.

Den 29. august 1975 i London presterte Shorter livsbeste 27.45,9 på mila, slått i spurten med drygt halvsekundet av briten Brendan Foster. Sommaren 1976 i Montreal tok Shorter den olympiske sølvmedaljen i maraton, Waldemar Cierpinski frå Aust-Tyskland vann løpet.

Shorter var aktiv i gateløp fram til 1986.

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Frank Shorter» frå , den 16. juni 2026.

Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Langdistanseløparar frå USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976