Jim Fuchs, fullt namn James Emanuel Fuchs, () var ein USA-amerikansk kulestøytar som i 1949 og 1950 sette fire verdsrekordar og vann to olympiske bronsemedaljar.

Aktiv Med eit støyt på 16,42 meter tok Fuchs bronsemedaljen under sommar-OL 1948 i London, slått av to landsmenn. I landskampen mellom Norden og USA på Bislett stadion i Oslo den 28. juli 1949 forbetra han verdsrekorden med 11 cm til 17,79 meter.

Den 29. april 1950 i Los Angeles flytta Fuchs rekorden til 17,82 m. Sommaren 1950 turnerte han i Noreg og Sverige. Den 20. august forbetra han verdsrekorden til 17,90 m i Visby. Allereie to dagar seinare la han på til til 17,95 meter i Eskilstuna, ein verdsrekord som Parry O’Brien sletta tre år etter.

I mars 1951 sigra Fuchs ved dei panamerikanske leikane i Buenos Aires. Under sommar-OL 1952 i Helsinki støytte han 17,06 m og tok si andre OL-bronse. Landsmennene Parry O'Brien med 17,41 m og Darrow Hooper med 17,39 m syrgde for storeslem til USA.

Fuchs vart tildelt Bislett-medaljen i 1990.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Jim Fuchs» frå , den 25. juni 2026.

Kategori:Kulestøytarar frå USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952