Donald George Bragg () var ein USA-amerikansk stavhoppar som i 1960 vart olympisk meister i øvinga. Han var den siste av dei beste stavhopparane som brukte aluminiumsstav.
Aktiv Bragg sette verdsrekord innandørs på 4,81 meter i Philadelphia i 1959. 2. juli 1960 forbetra han verdsrekorden utandørs til 4,80 m under USA sitt OL-uttak i Palo Alto i California. To månader seinare i Roma svinga han seg over 4,70 meter som den einaste og vann den olympiske gullmedaljen.
I tida 1955-61 sigra han i 10-ti nordamerikanske meisterskap i friidrett, fleire innandørs enn utandørs.
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Don Bragg» frå , den 26. juni 2026.
Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960