Hans Grodotzki () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar. Under sommar-OL 1960 i Roma vann han sølvmedaljen på både 5 000 og 10 000 meter.
Aktiv Grodotzki flykta i 1945 med familien frå heimen i Aust-Preussen og enda opp i Menteroda i Thüringen. Ferdig med skulen arbeidde han i ei kalisalt-gruve ved Volkenroda. I 1954 byrja han trene friidrett. Same året verva han seg for tre år, og kunne trene dagleg. Frå 1958 fekk han plass i landslaget til Aust-Tyskland. Fredag 17. juli 1959 vann han 10 000-meteren under landskampen Noreg–Aust-Tyskland på Bislett stadion i Oslo.Arbeiderbladet 19. juli 1959 Tida 29.08,8 var austtysk rekord, Tor Torgersen vart nummer 3 i løpet og sette norsk rekord på 29.30.8. Einast Pjotr Bolotnikov fekk notert betre tid enn Grodotski på mila det året.
Etter å sett personleg rekord på 5 000 m med 13.49,2 i Budapest, kom Grodotzki til dei dei olympiske leikane i Roma som ein av dei store favorittane på langdistansane. Den 2. september 1960 fekk han sølvmedaljen på 5 000 meter med tida 13.44,6, bak Murray Halberg frå New Zealand som hadde 13.43,4. Sju dagar seinare vann nemnde Bolotnikov, som representerte Sovjetunionen, 10 000-meteren på 28.32,2. Grodotzki presterte livsbeste 28.37,0 og la beslag på sølvplassen.
Ein akilles-skade i 1962 førte til at han la oppi 1964.
Notar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hans Grodotzki» frå , den 27. juni 2026.
Kategori:Tyske langdistanseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1960