Katmai nasjonalpark er ein nasjonalpark i den sørlege delen av delstaten Alaska i USA. Dei viktigaste naturattraksjonane i parken er dei mange fumarolane i Valley of Ten Thousand Smokes og den store stammen av brunbjørn på i alt rundt 2 000 individ. Parken dekker eit areal på 19 122 km². Han har namn etter midtpunktet til parken, stratovulkanen Mount Katmai.
Staden blei fyrst gjeven status som nasjonalmonument i 1918 for å verna områda rundt vulkanfjellet. Nasjonalparken blei skipa i 1980 som eit av i alt femten verneområda som blei oppretta samstundes gjennom Alaska National Interest Lands Conservation Act.
Det er meir enn fjorten aktive vulkanar i parken. Ein av dei er Fourpeaked Mountain, som hadde sitt fyrste utbrot på 10 000 år i 2006.
Dei fleste turistane i parken vitjar det tilrettelagde området ved Brooks Camp, der ein kan sjå brunbjørn fiska i elva. Bjørnestammen her er den største i noko verneområde i verda. Det var i denne parken at bjørneentusiasten Timothy Treadwell og kjærasten hans Amie Huguenard blei drepne og delvis etne av ein bjørn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Katmai nasjonalpark» frå , den 27. juni 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Geografi i Alaska Kategori:1980 i USA Kategori:Nasjonalparkar i USA Kategori:Verneområde oppretta i 1918 Kategori:155°W Kategori:58°N