Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) er eit norsk nyhendebyrå som produserer nyhende og kommentarar for lokalavisar og vart skipa i 1912.
Byrået vart skipa i 1912 som Socialdemokratisk Pressekontor. I 1984 endra føretaket namn til A-pressens Oslo-redaksjon (APOR). I 1990 vart føretaket om til aksjeselskap, og tok i 2001 i bruk dagens namn.
Føretaket vart på 1990-talet beskrive som ein seriøs utfordrar til Norsk Telegrambyrå (NTB) i lokalavismarknaden, og hadde ved årtusenskiftet omlag 40 tilsette. I 2007 inngjekk ANB og NTB eit samarbeid der sistnemde tok over nyhendetenesta, mens ANB satsa på levering av sakar til lokalavisar.
I februar 2016 vart byrået sin eigar, Amedia, selt til Sparebankstiftelsen DNB av Telenor og Landsorganisasjonen (LO). I oktober same år vart ANB skilt ut av Amedia kjøpt att av LO Media.
Kjelder
Kategori:Norsk arbeidarhistorie Kategori:LO Kategori:Nyhendebyrå Kategori:A-pressen