Stanisława Walasiewicz () var ein polsk-amerikansk friidrettsutøvar, olympisk meister i 1932 og europameister i 1938. Etter ho var død vart det fastslått at ho var tvikjønna.

Liv Walasiewicz var fødd i ein landsby i det som då var Wisła-regionen av Tsar-Russland. Foreldra hennar emigrerte til USA då Walasiewicz var to år gammal. Gjennom mekling frå det polske konsulatet i New York bestemte ho seg før 1932 for å ta polsk statsborgarskap.

På 100 meter under OL i Los Angeles i 1932 sette ho verdsrekord med 11,9 sekund både i forsøket og i semifinalen. Ho tangerte rekordtida i finalen og vann gullmedaljen, framom kanadiske Hilda Strike. Same dag deltok Walasiewicz også i finalen i diskoskast, der ho enda på sjetteplass.

I sommar-OL 1936 i Berlin vart Walasiewicz sølvmedaljør med 11,7 på 100 m, Helen Stephens vann på 11,5.

Under EM i friidrett 1938 i Wien sigra Walasiewicz både på 100 og 200 meter og ho fekk med seg sølvmedaljar i lengdehopp og i 4 x 100 m stafett.

I 1946 dukka Walasiewicz opp under europameisterskapen i Oslo. Ho rauk då ut i semifinalen på begge sprintdistansane. Året etter vart ho amerikansk statsborgar, då ho gifta seg med boksaren Neil Olson. Ekteskapet varte ikkje lenge, men ho vart heitande Stella Walsh Olson. I 1951, 40 år gammal, vann ho sine siste amerikanske meistertitlar.

Den 4. desember 1980 vart Walsh skoten som forbipasserande under eit væpna ran i Cleveland i Ohio. Under obduksjonen vart det slått fast at ut frå kjønnsorgana var Walsh tvikjønna. Ho hadde inga livmor og ein underutvikla penis. Ein kromosomanalyse viste seinare at ho hadde både mannlege og kvinnelege kjønnskromosom. Ironisk nok mistenkte ein polsk journalist på 1930-talet Helen Stephens, Walasiewicz sin konkurrent, for å vere hemmeleg mann.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stanisława Walasiewicz» frå , den 9. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Polske sprintarar Kategori:Polske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1932 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936