Miklós Szabó () var ein ungarsk friidrettsutøvar som i 1934 vart europameister på 800 meter og seinare forbetra bestenoteringane på sjeldne distansar som 2 000 meter og 2 «miles».

Aktiv Szabó sprang i mål til sølvmedalje i den aller fyrste finalen ved den fyrste europameisterskapen i friidrett. På 1500-meteren i Torino kom han bak Luigi Beccali frå arrangørlandet. Seinare i meisterskapen slo Szabó heimehåpet Mario Lanzi i finalen på 800 meter og vann gull, begge fekk tida 1.52,0.

Szabó makta ikkje å ta del i medaljestriden på dei to distansane under Sommar-OL 1936 i Berlin. På 800 meter rauk han ut i semifinalen, medan han på 1500 meter vart sjuandemann i finalen.

To månader etter dei olympiske leikane, 4. oktober 1936, sette Szabó i Budapest verdsrekord på 2 000 meter med tida 5.20,4. Den 30. september 1937, vart han klokka i mål på 8.56,0 på 2 «miles», sletta dermed Gunnar Höckert sin årsgamle verdsrekord.

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Miklós Szabó (Mittelstreckenläufer)» frå , den 14. juli 2026.

Kategori:Ungarske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Ungarn Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936