Luigi Beccali () var ein italiensk friidrettsutøvar frå Milano. Han vann Italias fyrste olympisk gullmedalje i løp då han sigra på 1500 meter under sommar-OL 1932, to år seinare vart han den fyrste europameisteren i friidrett.
Aktiv Beccali arbeidde som landmålar, noko som gav han høve til å trene to gongar om dagen. Åra 1928–31 var han italiensk meister på 1500 meter. Etter å ha vunne 1500-meter ved dei olympiske leikane i Los Angeles i 1932, var han for nasjonalhelt å rekne. Året etter tangerte han med 3.49,2 verdsrekorden på 1500 m. Seinare i 1933, den 17. september, forbetra han verdsrekorden til 3.49,0 i landskampen Italia–Storbritannia.Dagbladet 18. september 1933
Under EM i friidrett 1934 i Torino triumferte Beccali i finalen på 1500 m. Ved Friidrett under sommar-OL 1936 enda han opp med ein bronsemedalje på 1500 m. Også i EM i friidrett 1938 vart han bronsemedaljør på yndlingsdistansen.
Beccali vart italiensk meister 1934 til 1938 på 1500 m og i 1935 på 5 000 m.
Etter andre verdskrigen utvandra han til USA, der han dreiv vinhandel. Han døydde i Daytona Beach i Florida.
Notar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Luigi Beccali» frå , den 15. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Italienske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1928 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1928 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1932 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936