Karl Andreas Rogne () var ein norsk skulemann og ordførar frå Haram på Sunnmøre.

Rogne tok eksamen 1893 ved Stord seminar. Deretter var han lærar i Kinn i Sunnfjord, frå 1897 heime i Haram. Fram til 1916 skulte han både på Rogne og Flem, perioden 1916-29 underviste han åleine på Rogne. Deretter var han lærar i Åkre krins og klokkar i Haram kyrkje til sommaren 1940.

Rogne tok over farsgarden på Rogne, far hans kom elles bort på sjøen i 1895. Jamsides han var ein framtøk bonde som ivra for skogplanting, var han ein ihuga talsmann for norskdom og husflit gjennom ungdomsrørsla. 1909–14 var han formann i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, og 1915–18 styremedlem i Noregs Ungdomslag. Seksårsperioden 1929–34 var han ordførar i Haram. I 1937 var han medforfattar til Haram og Vigra kommune 1837-1907. Han skreiv elles fleire lokalhistoriske verk og bidrog til gransking av folkeliv i farne dagar.

Rogne vart i 1954 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.

Kjelder Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1969-70.

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Målfolk Kategori:Ordførarar i Haram kommune