Ben Johnson () er ein jamaicansk-kanadisk tidlegare friidrettsutøvar som sette verdsrekord på 100 meter og vart verdsmeister på distansen i 1987. Året etter vann han distansen under sommar-OL i Seoul og forbetra atter verdsrekorden. Etter at Johnson testa positivt i ein dopingtest etter OL-finalen, byrja ei gransking som førte til at han mista begge gullmedaljane og verdsrekordane.

Liv Johnson er fødd i Falmouth på Jamaica, og utvandra til Canada i 1976. Der trefte han trenaren Charlie Francis og vart med i idrettslaget Scarborough. I 1982 vart Johnson andremann på 100 meter under samveldeleikane, berre Allan Wells sprang fortare. Året etter rauk han ut i semifinalen ved verdsmeisterskapen i Helsinki. Under sommarleikane 1984 i Los Angeles vann han bronse både på 100 meter, tid 10,22 sekund, og med Canada i 4×100 meter stafett. Nokre veker seinare sette Johnson kanadisk rekord då han sprang på 10,12 i Zürich. I mars 1985 vann han 60 meter i innandørs-VM på 6,62 sekund. Året etter i Osaka sette han verdsrekord på distansen med 6,50 sekund.

Framom Friidretts-VM 1987 hadde Johnson slått den USA-amerikanske yndlingen Carl Lewis i fire løp. I VM-finalen på 100 meter i Roma utklassa han Lewis og vart klokka i mål på 9,83 sekund, ein heil tidels sekund under Calvin Smith sin gamle verdsrekord. Etter meisterskapen sa Lewis at han trudde Johnson hadde nytta ulovlege middel. Dopingklagane frå Lewis førte til auka rivalisering dei imellom.

I august 1988 møttest Johnson og Lewis i Zürich til ny dyst. Her vann Lewis 100 meter på 9,93, sju hundredelar føre Johnson. 24. september 1988 kom Johnson i mål på 9,79 sekund i OL-finalen i Seoul, Lewis vart andremann på 9,92. Få dagar seinare vart Johnson diskvalifisert, etter det vart kjent at dopingprøva hans var positiv på det anabole steroidet Stanozolol. Han vart stengt ute frå friidretten og sidan frådømt gullmedaljane frå Roma og Seoul, samt verdsrekorden.

Johnson gjorde comeback i 1991, utan han makta kvalifisere seg til VM 1991. Året etter vart han nummer 2 i uttaket til sommar-OL i Barcelona. I sommarleikane rauk han ut i semifinalen på 100 meter. I februar 1993 sprang Johnson 50 meter på 5,65 sekund, einast 4 hundredelar bak verdsrekorden. Like etter kom det for dag at han hadde testa positivt i ei prøve frå ei halltevling i Montréal. Denne gongen for testosteron. Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) stengde han då ute for livstid.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ben Johnson (Canadian sprinter)» frå , den 29. juli 2026.

Kategori:Canadiske sprintarar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992