mini|Monomakhoskrona Monomakhos-krona er eit sett av plater av gravert bysantinsk gullarbeid, dekorert med cloisonné-emalje, som no er ved Det ungarske nasjonalmuseet i Budapest i Ungarn. Ho består av sju gullplater som viser den bysantinske keisaren Konstantin IX Monomakhos, kona hans Zoe, systera hennar Theodora, to dansarar og to allegoriske figurar. To gullmedaljongar med helgenar i emalje og eit lite stykke med innsett utskore glas blei òg funne; dei var truleg ikkje del av same gjenstand.Kiss, 60-62 Gruppa har forvirrande aspekt som har gjort henne til eit langvarig tema for debatt blant forskarar. Ho blei truleg laga i Konstantinopel i 1042.

Gjenstandane blei oppdaga i 1860 av ein bonde i noverande Ivanka pri Nitre i Slovakia, som då var Nyitraivánka i Ungarn.Kiss, 62 Om det er ei krone, er ho ei av berre tre overlevande bysantinske kroner, i lag med Den heilage ungarske krona frå nokre tiår seinare (også i Budapest) og kamilaukionen til Konstantia av Aragon.Beckwith, 214

Historie venstre|mini|Midtpanelet, som viser Konstantin IX Monomakhos. I 1860 fann ein bonde nær Nyitraivánka skatten medan han pløgde. Gjenstandane gjekk over til ein medlem av den lokale jordeigaradelen, som selte dei i fire transaksjonar til det ungarske nasjonalmuseet mellom 1861 og 1870. Det siste salet fann stad etter at adelsmannen var død gjennom ein forhandlar som heitte Markovits. Også dei to mindre cloisonné-medaljongane som blei funne i lag med kroneplatene, med byster av apostlane Peter og Andreas, var til sals. Desse medaljongane har ikkje hol til spikrar eller liknande, i motsetnad til gullplatene. Etter Magda von Bárány-Oberschall og dei fleste andre lærde sitt syn høyrer dei nesten heilt sikkert ikkje til Monomakhos-krona.Kiss, 60-64

Den generelle ideen var lenge at krona «nesten sikkert verker å vera ei kvinnekrone og var truleg ei gåve til kona av ein ungarsk konge,» eller til kongen sjølv. I 1045 gifta den ungarske kongen Andreas I seg med Anastasia av Kyiv, dottera til fyrst Jaroslav den vise,Alexander Nasarenko, "Ungarn und Rus' um das Jahr 1000." (PDF-Datei; 370 kB) in Ferenc Glatz (red.): Die ungarische Staatsbildung und Ostmitteleuropa. Europa Institut Budapest, Budapest 2002, , S. 199 og bror hans, Vsevolod I, hadde vore gift med Irene (Maria), dottera til Konstantin IX, sidan 1046.Szabolcs de Vajay, "Corona Regia – Corona Regni – Sacra Corona." (PDF) Ungarn-Jahrbuch. Zeitschrift für interdisziplinäre Hungarologie, Band 7, 1976. S. 45–46

Den tradisjonelle soga om krona er at Andreas eller dronninga hans hadde fått krona frå Konstantin IX på dette tidspunktet. Han trong ei ny krone, sidan Henrik III av Det tysk-romerske riket hadde teke den originale krona (som skulle ha blitt gjeven til kong Stefan I av pave Sylvester II i år 1000) frå kong Samuel Aba i 1045 etter Slaget ved Ménfő og hadde sendt henne tilbake til Roma.Julius Grexa, "Die Probleme der ungarischen Königskrone." in Josef Gerhard Farkas (Ed.): Überlieferung und Auftrag. Festschrift für Michel de Ferdinandy zum sechzigsten Geburtstag. Pressler, Wiesbaden 1972, , p. 416 Ifølgje folkelege overleveringar er dette den heilage krona av Ungarn, eller ein versjon av henne, sjølv om det er lite sannsynleg at nokon av elementa i den noverande krona er så gamle.Josef Deér casts doubt on the idea that this original crown was made in Rome in Die heilige Krone Ungarns. Wien 1966, pp. 199-200; the oldest elements of the present Holy Crown are now usually dated to the 1070s. Det faktumet at Andreas, som hadde teke makta nær slutten av september 1046, fyrst kunne bli krona i februar 1047 kunne kom av behovet for eit kongeleg sendebod til å reisa frå Ungarn til Konstantinopel og tilbake om vinteren for å frakta Monomakhos-krona til Ungarn. I 1057 blei òg den unge kongen Solomon krona med denne krona. Andre, svært ulike, moglege opphav er blitt lagt fram og blir omtalte under.

I 1057 blei Salomo beleira av Geza I og flykta med krona og skattane sine mot Possony for å søkja vernet til svoger sin, keisar Henrik IV av Det tysk-romerske riket. Soldatar i Geza greip han medan han kryssa Váh nær Ivanka pri Nitre. Salomon fekk skatten og krona grovne ned, og barrikaderte seg bak murane i Pozsony. Då Henrik IV i september 1074 starta ein ekspedisjon for å gjeninnsetja Salomo på den ungarske trona, forlet keisaren han og reidd langs Váh-dalen mot Nitra og Šintava. Kanskje var dette eit nyttelaust forsøk på å finna den nedgravne krona nær vadestaden ved Ivanka pri Nitre.Julius Grexa, '"Die Probleme der ungarischen Königskrone." In Josef Gerhard Farkas (Ed.): Überlieferung und Auftrag. Festschrift für Michel de Ferdinandy zum sechzigsten Geburtstag. Pressler, Wiesbaden 1972, , pp. 418–419.

Skildring mini|Dansar med slør Dei sju gullplatene er mellom 5 og 4,2 cm breie og mellom 11,5 og 8,7 cm høge.Honour & Fleming, ss. 244-247; Pächt, ss. 65-66; Walies & Zoll, ss. 27-30   Dei har asymmetrisk skorne hol med ein storleik og arrangementet som tyder på at platene opphavleg var knytte saman med eit band av stoff eller lêr. Det er mogleg at det blei funne restar av gullband for å binda saman platene.Honour & Fleming, ss. 244-247; Pächt, ss. 65-66; Walies & Zoll, ss. 27-30 Det er òg mogleg at dei sju platene var festa til ei stofflue. Den grove overflata til dekorasjonane, den låge reinleiken til gullplatene og det at det finst feil i avbildinga av kleda og i innskriftene er verdt å merka seg.Kiss

Den midtre og største plata viser keisar Konstantin IX Monomachus, som var bysantinsk keisar frå 1042 til 1055. Ein gresk innskrift på panelet lyder: Κῶνστάντινος Αυτοκράτο[ρ] Ρομεον ο Μονομαχο[ς], Konstantin, Keisar av romarane, Monomachos. Den venstre plata syner kona hans, Zoe. Plata til høgre syner systera til Zoe, Theodora. På dei mindre panela til høgre og venstre for keisarinnene er det to dansande kvinnelege figurar. Dei minste platene syner personleggjeringar av to dygder. Figurane har gloriar kring hovudet, og bortsett frå dygdene er dei omringa av blømande vinranker, fuglar og sypressar.

Keisaren er vist ståande, med banneret laburum i høgre handa og pungen akakia i venstre. Denne tøypungen inneheldt støv, og symboliserte kor forgjengeleg den materielle verda er. Krona til keisaren har spissar dekorerte med tre ballar. Keisarinnene har den same krona. Dei held eit septer i den indre handa og peikar mot keisar Konstantin med den ytre. Han har på seg den seremonielle drakta til ein bysantinsk herskar med eføy-pynt, og , bysantinske herskarsymbol.Magda von Bárány-Oberschall, Konstantinos Monomachos császár koronája. The Crown of the Emperor Constantine Monomachos. Budapest 1937 pp. 60–78.

er ein stola som er rikt dekorert med edelsteinar, perler og broderi kring skuldrene og hoftene. Ein ende av en fell ned til falden hans, den andre er knytt rundt den andre enden. Maniakon er ein brei krage dekorert med perler og edelsteinar. Dei tre medlemmene av den keisarlege familien har raude skor på føtene og står oppå ein . Begge kvinnene har på seg fullstendige regalia som keisarinner med den kvinnelege versjonen av -drakta, inkludert ein skjoldliknande thorakion som heng diagonalt frå eit belte. Zoe, som var 64 år gamal i 1042, blir framstilt på ein idealisert måte som ei ung kvinne. På innskrifta deira står: «Θέοδώρα ἡ ἐυσαιβεστατι Αυγουστα,» ‘Theodora den frommaste augusta’ og «Ζώη οι ευσαιβαῖστάτη Αυγουστα,» ‘Zoe den frommaste Augusta’. Den greske teksten inneheld fleire feil. mini|Personleggjering av audmjuke (til venstre) og ein dansar (til høgre) Dei to mindre platene som syner dansande kvinner er identiske, i staden for å vera symmetriske. Bakgrunnen er òg dekorert med blad, men dei har ingen identifiserande innskrifter. Dansarane viftar med slør over hovudet, og bøyer høgrefoten skarpt bakover. Førestillinga om at dei er profesjonelle dansarar blir kanskje motbevist av gloriane om hovuda deira, som tyder på at dei er heilage. Heilag dans er likevel sjeldan i kristendommen, i det minste før renessansen, og ikonografien er svært uvanleg i ein kontekst som har med offentlege keisarlege seremoniar og kroning å gjera, der bysantinarane la stor vekt på keisaren som Gud sin mellommann på jorda.

To endå mindre panel syner kvinnefigurar med gloriar på ein bakgrunn av gull. På kvar side har dei sypressar, som symboliserer hagen i Eden. Ifølgje innskriftene sine representerer dei dygdene «η αλιθηα» (ἡ ἀλήθεια, oppriktigheit) og «η τα [π]ινοσις» (ἡ ταπείνωσις, audmjuke). Oppriktigheit held ein kross i handa og peikar på munnen sin, medan Audmjuke kryssar armane over brystet.

Autentisitet og funksjon I 1937 undersøkte Magda von Bárány-Oberschall dei emaljerte gullplatene. Storleiken på krona som blei danna av platene førte til at ho meinte det måtte vera krona til ei bysantinsk keisarinne frå 1000-talet.Magda von Bárány-Oberschall: Konstantinos Monomachos császár koronája. The Crown of the Emperor Constantine Monomachos. Budapest 1937 mini|Baksida av krona. I 1994 heva den greske bysantinske Nicolas Oikonomidès at Monomakhoskrona kunne vera ei forfalsking frå 1800-talet. Han kom fram til denne meininga på grunn av det enkle designet, den grove finishen og dei uvanlege innskriftene med feil i seg, kombinert med omstendet for oppdaginga og moglege modeller for ei forfalsking. På alle desse visa står krona i sterk kontrast til den heilage ungarske krona. Oikonomidès mistenkte at forfalskaren kom frå Venezia, men klarte ikkje identifisera han.Franz Tinnefeld: Nicolas Oikonomidès, La couronne dite de Constantin Monomaque, Travaux et Mémoires (Centre de Recherche d'Histoire et Civilisation de Byzance) 12 (1994) S. 241–262, Deutsches Archiv für Erforschung des Mittelalters Jahrgang 51. 1995, Heft 2, Besprechungen und Anzeigen, Nr. 187

I artikkelen «The State of Research into the Monomachos Crown and Some Further Thoughts», som tek for seg Nicolas Oikonomidès sin teori i detalj og i stor grad argumenterer imot han, hevder Etele Kiss frå det ungarske nasjonalmuseet at krona kunne ha blitt laga for keisaren til å bli presentert i eit triumfopptro, noko som kunne forklara den omdiskuterte avbildinga av dansarane.

Allereie i 1997 hadde Henry Maguire argumentert for at plakettane var laga for å syast på ein gjenstand av lêr eller tekstil. Han føreslo eit belte, som det er nokre kjelder til, eller eit diadem. Han relaterte dansarane til eit «kor av nådar», som i det minste i bysantinsk retorikk skulle danna ein ring rundt keisaren, dansa og synga lovprisingar. Motiva med fuglar og planter er metaforar for dygdene til keisaren.Maguire, 210

I 2009 vidareutvikla Timothy Dawson desse argumenta, og føreslo at krona i røynda var eit seremonielt armband, ein stor versjon av ein armilla som blei gjeven til soldatar som ein ærespris.Dawson De Ceremoniis av Konstantin VII Porphyrogennetos, som var skrive eit hundreår tidlegare, skildrar korleis keisaren blei presentert med ei krone når han kom tilbake etter ein siger, som han då hadde på seg på høgre arm. Dawson føreslo at dei mest sannsynlege mottakarane under Konstantin IX var Stephanos Pergamenos, ein hoffevnukk som hadde overraskande suksess som general, for sin siger over George Maniakes ved slaget ved Ostrobos den 2. februar 1043, eller keisaren sjølv ved same høve.Dawson, 188-189 Michael Psellos nemner at keisaren sat mellom dei to keisarinnene for å sjå på opptoget, noko plasseringa av platene kan spegla.Dawson, 189 Mellomalderarmbandet armill er ein variasjon som oftare er del av kroningregaliar som òg kan vera relevant.