Děčín okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Ústí nad Labem kraj i Tsjekkia. Det ligg nordaust i regionen og grenser i aust mot Liberec kraj, i nord mot Tyskland.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Děčín okres:

Děčín SO Rumburk SO Varnsdorf SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Děčín SO 79 314 76 447 73 720 Rumburk SO 33 866 32 566 31 229 Varnsdorf SO 20 707 19 821 19 077 Děčín okres 133 887 128 834 124 026

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Děčín 46 337 Varnsdorf 14 390 Rumburk 10 381 Šluknov 5 490 Česká Kamenice 5 095 Jílové 4 935 Benešov nad Ploučnicí 3 540 Jiříkov 3 460 Krásná Lípa 3 382 Mikulášovice 1 998 Velký Šenov 1 889 Dolní Poustevna 1 583 Chřibská 1 353 Verneřice 1 174

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Decin Decin