Jihlava okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Vysočina kraj i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og grenser i sørvest mot Sør-Böhmen.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Jihlava okres:

Jihlava SO Telč SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Jihlava SO 96 042 97 486 98 782 Telč SO 13 814 13 036 12 542 Jihlava okres 109 856 110 522 111 324

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Jihlava 50 523 Třešť 5 451 Telč 5 151 Polná 5 089 Brtnice 3 712

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Jihlava Jihlava