Bladbiller (Chrysomelidae) er ein artsrik familie av planteetande biller. Han omfattar mange problematiske skadedyr innan jord- og hagebruk. Dei fleste et av levande plantar både som larvar og vaksne dyr. Bladbiller er små, gjerne 4-8 mm lange, og ofte med ein metallisk skinnande farge.  Nokre av dei frykta skadedyr, medan andre blir rekna som nyttige. Mellom desse finst det ei rekkje arter som ikkje har noka økonomisk tyding. Gruppa frøbiller (Bruchinae) blei tidlegare sett på som ein eigen familie, men blir i dag rekna til bladbillene. På den andre sida har gruppa trebladbiller(Megalopodidae) og pollenbladbiller (Orsodacnidae) nyleg blitt skilde ut som eigne familiar. Det er registrert 205 bladbilleartar i Noreg. mini|Føtene til bladbiller er femledda, men det fjerde leddet er svært lite, slik at det verker som om det er fire ledd.

Utsjånad Bladbiller er små til ganske store (1-30 mm) biller med sterkt varierande utsjånader.  Alle føtene ser tilsynelatande ut til å vera fireledda (kvar med fire tarsar), i kombinasjonane 4-4-4. Men dei er alle femledda, der dei tre inste ledda er meir eller mindre tolappa, det fjerde nær usynleg og svært lite og det femte (kloleddet) langt, tynt og krumbøyd.Family Identification – Chrysomeloidea – University of Florida besøksdato: 29. november 2006 Kroppsforma kan vera sylindrisk, oval eller flat. På farge er insekta ofte metalliske, gjerne sterkt glinsande, men det er òg ein stor gruppe som er farga gul og raud. Oversida er gjerne blank og sjeldan tydeleg hårete, men nokre artar i underfamilien Hispinae er dekka av kraftige piggar.

Hovudet kan vera framstrekt, nedoverbøygd eller heilt skjult under brystskjoldet, og det kan vera stort og breitt eller relativt lite. Augo er runde og ikkje nyreforma, med ei innbukting på framsida som hjå trebukkar. Antennene har 10-11 ledd og er meir eller mindre trådforma.

Bakbeina kan vera sterkt forstørra med tjukke lår og krumme leggar (nokre tropiske arter) eller dei kan vera utvikla til hoppebein, med tjukke lår og slanke, rette leggar som hjå underfamilien jordlopper (Alticinae).

Ei karakteristisk gruppe er skjoldbillene (Cassidinae), der brystskjoldet og dekkvengene er kraftig utvida til sidene slik at hovud, antenner og bein er heilt dekka og usynlege overfrå. Frøbiller (Bruchinae) er høgt kvelva, brunspragla biller. Det vesle hovudet er trekt ut til ein kort snute, dekkvengene dekkar ikkje dei bakre bakkroppsledda, og bakleggane er sterkt fortjukka med ein pigg på undersida.

Larvene er vanlegvis grøne til mørkfarge tynnhuda, tjukke og flate, litt krumme, med vorteaktige flekkar. Hovudkapselen er ganske stor og rund og kjevane er retta nedover. Dei har 3 par velutvikla brystføter.

Levevis Dei aller fleste artane utviklar seg på levande plantar, unntak her er frøbiller (Bruchinae) som lever på ulike slag frø, og maurbladbiller (Clytrinae), der larvene lever som snyltarar i maurtuer. Dei fleste gneg på utsida av vertsplanten, men det er òg nokon som minerer inne i han. Bladbillene er som oftast temmeleg vert-spesifikke og lever berre på ein eller nokre få nærskylde planteartar. Larvane til artene i slekta Donacia lever under vatn.

Mange artar har skarpe fargar som truleg indikerer at dei er usmakelege for fuglar, men det er også ein del artar som er kamuflasjefarga. Nokre kan skilja ut «blod», ei mørk væske, gjennom munnen eller mellom bein-ledda om dei blir forstyrra. Dette er illeluktande og giftig, og kan hindra at billa blir eten.

Dei fleste artane flyr godt, og kan spreida seg over lange avstandar.Andre har reduserte flygevenger.

Skadedyr og nyttedyr Bladbillene er planteetarar, og ein del av artane lever òg på kulturplantar. Desse bellene kan formeira seg raskt og byggja opp svært store bestandar, og dei kan difor gjera betydeleg skade. På den andre sida kan nokre bladbiller vera å rekna som nyttedyr fordi dei angrip brysamt ugras, til dømes den metallgrøne syrebladbilla (Gastrophysa viridula), som kan førekoma i store mengder på høymole (Rumex spp.).

Den kanskje mest frykta arten er koloradobille (Leptinotarsa decemlineata), som angrip potet. Ho stammar opphavleg frå Nord-Amerika, der ho levde på ville søtvier-artar. Billa er kring 10 mm lang, og karakteristisk stripete i gult og svart, medan larven er raudoransje med svarte flekkar. Ho kan gjera mykje skade på potetar lenger sør i Europa. Ho har aldri klart å etablera seg i Noreg, men det dukkar opp enkeltindivid frå tid til anna. Skulle klimaet bli varmare, er det fare for at det kan bli eit alvorleg skadedyr også i Noreg.

Jordlopper (Alticinae) av slekten Phyllotreta kan gjera stor skade på nysådde avlingar av krossblomfamilien (kål, nepe, raps osb.). Desse hopande billene er små (2-3 mm), dei fleste artane er mørke med to gule lengdestriper bakover dekkvingane. 

Aspargesbille (Crioceris asparagi) er eit brysamt skadedyr på asparges. Dei oppsiktsvekkande, lakkraude billene liljebillene Lilioceris lilii og konvallbladbille Lilioceris merdigera kan gjera stor skade i hagar ved å øydeleggja ulike slag liljer.

Frøbiller (Bruchinae) er brysame skadedyr særleg på urter og bønner. Larvane utviklar seg inne i dei veksande belgane. Nokre arter kan òg angripa tørre, lagra frø.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bladbiller» frå , den 12. oktober 2026. oppgav desse kjeldene:

Silfverberg, H. 1992. Enumeratio Coleopterorum Fennoscandiae, Daniae et Baltiae (Liste over Nordens biller). Helsinki. Zahradník, J. og Chvála, M. 1991. Teknologisk forlags store bok om insekter. N.W. Damm. Om bladbiller, side 358-377.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Biller