Verdscupen i langrenn for kvinner i 1995-sesongen omfatta 15 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 27. november 1994 og vart avslutta 25. mars 1995. Dei individuelle renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, tre over 10 km, fire over 15 km, tre tremiler og to forfylgjingsrenn. Renna fann stad i Kiruna, Östersund og Falun (2) i Sverige, Tauplitz i Austerrike, Sappada (3) i Italia, Nové Město na Moravě (2) i Tsjekkia, Lahti (2) i Finland, Oslo (2) i Noreg, Thunder Bay (5) i Canada og i Sapporo (2) i Japan.
Jelena Välbe frå Russland vann verdscupen for fjerde gong, tre år etter hennar forrige triumf. På dei neste fire plassane kom fire av hennar landsmanninner. Russiske utøvarar sigra i samtlege 21 tevlingar i verdscupen, utanom 10-kilometeren i Lahti i slutten av januar der vart norsk dobbeltsiger ved Inger Helene Nybråten og Marit Wold.
Individuelt Plass Utøvar Land Poeng Sigrar 1 Jelena Välbe 1060 9 2 Nina Gavriljuk 840 2 3 Larisa Lazutina 785 4 4 Olga Danilova 547 5 Olga Zavjalova 395 6 Inger Helene Nybråten 386 1 7 Stefania Belmondo 377 8 Marit Wold 361 9 Anita Moen 295 10 Trude Dybendahl 290 11 Elin Nilsen 283 12 Antonina Ordina 279 13 Marie-Helene Westin 268 14 Kateřina Neumannová 229 15 Sylvia Honegger 200 16 Natalija Martynova 195 17 Giudina Dal Sasso 172 18 Pirkko Määttä 170 19 Manuela Di Centa 167 20 Tuulikki Pyykkönen 163 21 Olga Pyljova Jelena Sjalina 152 23 Merja Kuusisto 146 24 Sigrid Wille 141 25 Bente Martinsen 123
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1994/95» frå , den 24. oktober 2026.
Kategori:Nordiske greiner 1995 Kategori:Sport i 1995