høgre|mini|Chardonnay-vinstokkar i Bourgogne. Chardonnay er ei av kjend vindrue. Ho har utspring frå Bourgogne i Frankrike. Chardonnay er basisdrua i kjende kvitvinar som chablis, montrachet og meursault, alle frå Bourgogne.

Drua er òg blitt eksportert til andre vinområde i verda. Ho trivst i dei fleste klima, og er ganske nøytral på smak og aroma. Særeigenheiter i jordsmonn set tydeleg preg på drua. Eit døme på dette er vinane frå Chablis og Côtes de Beaune.

Drua er òg nytta som viktig grunnlag i champagne.

Historie Frå DNA-analysar er det blitt påvist at drua er i slekt med pinot noir og gouais blanc. Begge desse druene kjem opphavleg frå Frankrike.

Smak og lukt I heimlandet Frankrike gjev drua ofte elegante vinar med flott syre og tonar av grapefrukt, medan i andre land kan ho gje vinar med smak av ananas og smørmalt.

Lette chardonnay-vinar har i ungdommen sin smak av grøne eple. Når dei er mogne framstår ofte smak av pære, sitrus, nøtter, kjeks og honning.

Lagring Dei fleste chardonnay-vinar bør drikkast unge. Det er berre dei høgare klassifiserte vinane som toler lagring. Vin basert på chardonnay-drua er òg veleigna til lagring på eikefat.

Av gode årgangar frå Chablis, Côtes de Beaune og Australia kan desse utviklast i opptil ti år.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chardonnay» frå , den 25. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vindruer