Stein Ove Berg () var ein norsk vokalist, gitarist, komponist og diktar frå Kløfta i Ullensaker i dåverande Akershus fylke.
Songaren Stein Ove Berg debuterte offentleg som visesongar i Søndagsposten på NRK radio 1. april 1971. To år seinare gav han ut singelen «Manda morra blues» ei vise som tek opp problem knytte til pendling. «Manda morra blues» låg fem veker på førsteplass på Norsktoppen. Same året gav han ut viseboka «Hestehov og brun beis», den første i ein serie på tre. Året etter gav han ut si første LP-plate, «Kommer nå». Tittelsporet er ei av visene som vart folkeeige etter visebølgja på 1970-talet. Plata Visa di, som kom ut i 1975, fekk han Spellemannprisen for same året.
Tekstene til Stein Ove Berg var ofte sosialrealistiske. «Rollebytte i oppgang A» og «Hva med kona til Andersen på Skarnes» er døme på viser som tar opp kvinnesak, ikkje frå ein feministisk ståstad, men som ein sosialdemokratisk arbeidarsongar. Songen «Ta hverandre i handa og hold» er nærast blitt kanonisert i den norske arbeidarrørsla.
Musikken på plata Egg (1980) har meir preg av country enn visesang. Tema for fleire av songane er havarert samliv - «Hvor er hu som kokte egget mitt for bløtt?».
Men turnélivet førte med seg alkoholbruk og ujamn livsrytme, og Stein Ove Berg fekk problem han hadde vanskeleg for å takle. Tidleg på 1980-talet trekte han seg tilbake frå artistlivet, og ei tid arbeidde han som lærar.
I 1996 stod Stein Ove Berg fram som nyomvend kristen, og han tok seg jobb på Ørjetun evangeliesenter i Drammen.
I 2001 fekk han ein kulturell heiderspris av LO. Året etter kom han tilbake med plata Det jeg skulle ha gitt. Mange av tekstane bar preg av den kristne trua hans. Kort tid etter at plata kom ut, vart han funnen død i heimen sin i Oslo.
Utmerkingar
Språklig samlings litteraturpris 1976 Spellemannprisen 1975 i klassen Visesong for Visa di
Diskografi Singlar 1973: «Manda' morra blues»/«Visa di», single, med Willy Andresens kvintett 1974: «Visa om deg»/«Rollebytte i oppgang A», single, med Willy Andresens orkester 1984: «Turalu»/«Unger», single
Album 1974: Kommer nå, album 1975: Visa di, album 1975: Kniplia Pukkverk, album 1977: La dette bli min sang, album 1978: Når dagen kommer, album 1979: Veiviser, album 1980: Egg, album 1981: Bergtatt, album 2002: Det jeg skulle ha gitt, album
Samlealbum 1982: 20 beste 1995: Årgangsviser
Visebøker 1973: Hestehov og brun beis 1975: Albumblad 1979: 58 viser
Antologi 1995: Årgangsviser
Kjelder Ballade - musikkinformasjonssenterets nettavis Bokmålswikipediaen
Kategori:Norske visediktarar Kategori:Folk frå Ullensaker Kategori:Norske visesongarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen