Døveprostiet står i ei særstilling innan Den norske kyrkja. Det er det einaste prostiet som ikkje arbeider innanfor eit geografisk område, men blant ei gruppe i folket, nemleg dei døve. Døveprostiet høyrer under Oslo bispedømme.
Prosten har sete i Oslo.
Prostiet er inndelt i sju sokn.
Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Døvekirkens fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet.
Sokn Døvekyrkjelyden i Bergen Døvekyrkjelyden i Møre Døvekyrkjelyden i Oslo Døvekyrkjelyden i Stavanger Døvekyrkjelyden i Trondheim Døvekyrkjelyden i Tromsø
Prestegjeld Prestetenesta i Den norske kyrkja var tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Døveprostiet desse prestegjelda:
Det Østafjelske døvedistrikt prestegjeld med Døves menighet, Oslo sokn
Det Sør-vestafjelske døvedistrikt prestegjeld med Døves menighet, Stavanger sokn
Det Vestafjelske døvedistrikt prestegjeld med Døves menighet, Bergen sokn Døves menighet, Møre sokn
Det Nordafjelske døvedistrikt prestegjeld med Døves menighet, Trondheim sokn Døves menighetsutvalg, Tromsø sokn
Bakgrunnsstoff Om Døveprostiet på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Oslo bispedømme Kategori:Prosti i Noreg