Elisabeth Gunilla Andreassen, populært kalla Bettan () er ein svensk-norsk songar.

Andreassen vart fødd i Göteborg i Västra Götalands län i Sverige av norske foreldre. Ho voks opp på Källö-Knippla i den nordlege skjærgarden ved Göteborg. Ho oppheldt seg også mykje i Sykkylven, der familien hennar kom frå. Som vaksen busette ho seg på Ullern i Oslo. Ho er gift og har to barn.

Andreassen har gjeve ut ei rekkje album og har sunge alt frå country til musikalar. Ho vann den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest i 1985 saman med Hanne Krogh.

Karriere

I 1978 kom Elisabeth Andreassen på andreplass i Göteborgs-Tidningens talentkonkurranse Sjöstjärnan og spela country saman med Kalle Bäckström og Bengt Adielson i KEB Band på ulike pubar rundt omkring i Göteborg. I byrjinga av 1980 vart ho oppdaga av Lasse Holm ved ein country-galla i Medborgarhuset i Stockholm. Dagen etter fekk ho spele inn ein demo og vart tre veker seinare medlem av bandet Chips og drog rett på turné til Vest-Tyskland. I 1981 konkurrerte Chips (med «Bettan») i Melodifestivalen 1981 og det vart den første gongen av mange.

I 1981-1983 medverka Andreassen òg i musikalen Spök saman med Björn Skifs och Martin Ljung på Maximteater'n i Stockholm og turnerte rundt i Sverige med Chips. Ho arbeidde då òg med countrysongaren Mats Rådberg. På Melodifestivalen 1984 gjekk det ikkje særleg bra då stemma ikkje heldt, men ho fekk revansje året etter då ho og Hanne Krogh (i gruppa Bobbysocks) vann den internasjonale finalen. Etter sigeren kunne dei turnere i både Sverige og Finland og spela i 1986-1987 inn ei plate i Los Angeles. Bobbysocks vart oppløyst i 1988, og begge medlemene heldt fram med karrierane sine som soloartistar. Samanlagt har ho vunne den svenske Melodifestivalen og norske Melodi Grand Prix fire gonger.

Med Kikki Danielsson medverka ho i countryturnéen Country Cross Country (CCC). I 1988 spela ho inn ei countryplate i Nashville i Tennessee.

I 1990 flytte ho til Oslo, og i 1992 var ho programleiar for den norske Melodi Grand Prix-finalen. I 1994 song ho i Melodi Grand Prix med Jan Werner Danielsen og dei to song òg saman, blant anna ved kyrkjekonsertar og ved eit høve i Carnegie Hall i New York. I 1996 vann ho igjen den norske finalen med songen «I evighet». «I evighet» handlar om kjærleik på norsk, svensk («I evighet») og engelsk («Eternity»), og om sport på tysk («Wir sind dabei»).

Sidan slutten av 1990-talet har Andreassen mellom anna vore med i ein konsert-versjon av The Phantom of the Opera, Sofies verden og sunge revy med komikar-gruppa Dizzie Tunes. Platene hennar har vorte blant dei mest selde i Noreg.

Ho opptredde med Lotta Engberg og Kikki Danielsson i ein svensk TV-galla i november 2000 og det gav ideen til at dei tre skulle opptre saman. Trioen Kikki, Bettan & Lotta medverka i Melodifestivalen 2002 og i Melodi Grand Prix 2003. Trioen hadde i 2002-2003 eit tiljubla «krogshow» med tittelen Kikki, Bettan & Lotta - Tre stjerner på same scene - Rondo, Göteborg og Cirkus i Stockholm.

I 2004 turnerte Andreassen i Sverige med Lasse Holms i ein slagerturné som fekk namnet Diggiloo.

Eurovision Melodi Grand Prix 2015 Saman med Tor Endresen framførte Andreassen «All Over the World» på engelsk i Melodi Grand Prix 2015, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Bidraget var skrive av Tor Endresen og Are Selheim. Dette var den sjette deltakinga til Andreassen i tevlinga, og den tolvte gongen ho deltok i ei nasjonal uttaking til Eurovision Song Contest. Bidraget vart mellom dei fire beste i finalen og gjekk vidare til gullfinalen der det enda på fjerdeplass. Andreassen tok òg del i opningsnummeret der ho var med på å framføre ein del av «Dschinghis Khan», det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1979 i Jerusalem i Israel. Ho tok òg del i pausenummeret der ho, saman med Hanne Krogh, framførte sin eigen vinnarsong frå 1985, «La det swinge».

Diskografi

Solo 1981: Angel of the Morning 1983: I'm a Woman 1985: Elisabeth Andreasson 1985: Greatest Hits Vol. 2 1986: Greatest Hits 1988: Älskar, älskar ej 1990: Elisabeth 1992/1994: Stemninger 1993: Julestemninger 1995: Elisabeth Andreassens bästa 1981-1995 1996: Eternity 1996: Bettans jul 1997: Så skimrande var aldrig havet 1998: 20 bästa 2001: Kjærlighetsviser 2004: A Couple of Days in Larsville 2005: Short Stories 2007: Bettan Country 2009: Spellemann

Med Rein Alexander 2009: Julenatt

Med Mats Rådberg 1980: I'm the Singer, You're the Song

Med Bobbysocks 1984/1985: Bobbysocks 1986: Waiting for the morning 1987: Walkin' on air 2010: Let It Swing - The Best of Bobbysocks

Med Kikki, Bettan & Lotta 2002: 20 år med oss - Vem é dé du vill ha 2003: Live från Rondo

Med Chips 1982: Having a Party 1997: 20 bästa låtar

Deltaking i Eurovision Song Contest

1981: «God Morgon» med gruppa Chips kom på 2. plass i Melodifestival. 1982: «Dag Etter Dag» med Kikki Danielsson i gruppa Chips vann Melodifestival og kom på 8. plass i Eurovision Song Contest. 1984: «Kärleksmagi» kom med i Melodifestival. 1985: «La Det Swinge» saman med Hanne Krogh i Bobbysocks vann Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest. 1990: «Jag Ser Ein Stjärna Falla» kom på 7. plass i Melodifestival. 1994: «Duett» saman med Jan Werner Danielsen vann Melodi Grand Prix og kom på 6. plass i Eurovision Song Contest. 1996: «I Evighet» vann Melodi Grand Prix og kom på 2. plass i Eurovision Song Contest. 1998: «Winds of the Northern Sea» kom på 2. plass i Melodi Grand Prix. 2002: «Vem É Dé Du Vill Ha» saman med Lotta Engberg og Kikki Danielsson kom på 3. plass i Melodifestivalen. 2003: «Din Hånd I Min Hånd» saman med Lotta Engberg og Kikki Danielsson kom på 3. plass i Melodi Grand Prix. 2011: «Vaken I En Dröm» kom med i Melodifestivalen.

I 1992 var ho programleiar for Melodi Grand Prix.

Kjelder

Kategori:Norske songarar Kategori:Melodifestival 1981-deltakarar Kategori:Melodifestival 1982-deltakarar Kategori:Melodifestival-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 1982-deltakarar Kategori:Melodifestival 1984-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 1985-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 1985-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Melodifestival 1990-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-programleiarar Kategori:Melodi Grand Prix 1994-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1994-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 1996-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1996-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 1998-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2002-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2003-deltakarar Kategori:Melodifestivalen 2011-deltakarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Allsang på grensen Kategori:OGAE Second Chance Contest-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2015-deltakarar