mini| Eurovision Song Contest 1980 (ESC 1980), offisielt 25. Eurovisie Songfestival, var den 25. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 19. april. Irland vann tevlinga med songen «What's Another Year», framført på engelsk av Johnny Logan.
Tevlinga vart arrangert i Nederland etter at vinnaren året før, Israel, nekta å påta seg arrangementet for andre år på rad. Den israelske regjeringa gjekk ikkje med på å utvide kringkastaren IBA sitt budsjett slik at ein kunne ta på seg arrangementet, og datoen som Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) hadde sett for tevlinga, 19. april, fall på same dag som den israelske minnedagen for falne i krig. Spania og Storbritannia skal båe ha vorte spurde om å påta seg arrangementet, men takka nei. Nederland gjekk deretter med på å arrangere tevlinga så lenge dei fekk kutte i produksjonskostnadane; som eit resultat av dette vart tevlinga halden på same stad som i 1976, og delar av scena si utforming var lik som i 1976.
Marokko deltok for fyrste gong dette året, medan Tyrkia kom attende til tevlinga. Monaco trekte seg frå tevlinga og kom ikkje att før i 2004.
Finalen Finalen vart halden 19. april 1980 i Congresgebouw. Irland vann tevlinga for andre gong.
# Land Artist Song Språk Plass Poeng 01 Blue Danube «Du bist Musik» Tysk 8 64 02 Ajda Pekkan «Pet'r Oil» Tyrkisk 15 23 03 Anna Vissi og Epikouri «Autostop» Gresk 13 30 04 Sophie & Magaly «Papa pingouin» Fransk 9 56 05 Samira Bensaïd «Bitakat Hob» Arabisk 18 7 06 Alan Sorrenti «Non so che darei» Italiensk 6 87 07 Bamses Venner «Tænker altid på dig» Dansk 14 25 08 Tomas Ledin «Just nu!» Svensk 10 47 09 Paola del Medico «Cinéma» Fransk 4 104 10 Vesa-Matti Loiri «Huilumies» Finsk 19 6 11 Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta «Sámiid Ædnan» Norsk og nordsamisk 16 15 12 Katja Ebstein «Theater» Tysk 2 128 13 Prima Donna «Love Enough for Two» Engelsk 3 106 14 José Cid «Um grande, grande amor» Portugisisk 7 71 15 Maggie MacNeal «Amsterdam» Nederlandsk 5 93 16 Profil «Hé, hé, m'sieurs dames» Fransk 11 45 17 Johnny Logan «What's Another Year» Engelsk 1 143 18 Trigo Limpio «Quédate esta noche» Spansk 12 38 19 Telex «Euro-Vision» Fransk 17 14
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ESC 1980» frå , «ESC 1980» frå og VG.no, den 18. mars 2011.
Kategori:Musikk i 1980 1980
Kategori:1980 i Nederland