Hallstätter See er ein innsjø i Salzkammergut i Austerrike. Overflatearealet er 13,5 km², og på det djupaste er han 125 meter. Innsjøen er eit populært turistområde, særleg for dykkarar. I oktober 2005 skjedde det derimot ei ulykke i ei saltgruve som ligg ovanfor innsjøen, og ca. 11 000 m³ saltlake rann ut i innsjøen (tilsvarar 3000-4000 tonn salt). Dette har ført til at heile innsjøen har vorte salt, noko han kan vere i fleire år framover. Dette har igjen gått ut over den naturlege fiskestanden i innsjøen.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i Austerrike