Heiterwanger See er ein liten innsjø i Tyrol i Austerrike. Overflata er om lag 1,37 km² stor og på det djupaste er han 61 meter. Innsjøen er kjend for å vere rik på fisk på og keisar Maximilian I av Austerrike var ofte her og fiska. Det er derimot lite algar i innsjøen, som er svært klår med ein sikt på opp til 15 meter. Eit vasskraftverk er òg knytt til av elvene som renn ut i innsjøen, og derfor er ofte vasstanden lågare om vinteren enn vanleg.
Kategori:Innsjøar i Austerrike Kategori:Fjellinnsjøar