ICA Norge AS var eit norsk detaljhandelsselskap som dreiv med sal av daglegvarer. Det blei kjøpt opp av Coop Norge i 2014.

I oktober 2014 hadde ICA Norge 553 butikkar som blei drivne anten i eigen regi, i form av franchise eller som assosierte butikkar. I 2010 omsette ICA Norge for 17,817 milliardar kroner med eit resultat på minus 497 millionar. ICA Norge var 100 % eigd av ICA AB (Inköpscentralernas aktiebolag) og hadde 5 345 tilsette (ekskl. franchise). ICA Norge hadde ein marknadsdel i den norske daglegvaremarknaden på 14,8 prosent. Administrerande direktør var Thorbjørn Theie.

I oktober 2014 blei ICA Norge seld til Coop Norge. Det trong godkjenning frå Konkurransetilsynet, noko som blei gjeve i mars 2015. Selskapet blei drive vidare som eit dotterselskap av Coop Norge under namnet Norsk Butikkdrift.

Selskapet opererte med fire ulike butikkonsept: ICA Nær, ICA Supermarked, ICA Maxi og Rimi.

Rimi: Lågprisbutikkar med daglegvarer. ICA Nær: Mindre matbutikkar. ICA Supermarked: Større matbutikkar med eit utval ferskvarer. ICA Maxi: Daglegvarebutikkar som i tillegg til matvarer tilbyr bøker, klede, kjøkkenreiskapar, sportsartiklar og hageartiklar.

Kjelder

Kategori:Norske butikkjeder Kategori:Daglegvarekjeder