Marie Lovise Widnes () var ein norsk diktar, forfattar, kåsør, songar, SV-politikar og husmor. Widnes vart fødd i Vanylven i Møre og Romsdal. Ho flytta til Hareid med familien i 1963.

Marie Lovise Widnes skreiv mellom anna visa «Gangdøra». Visa kom på singelplate i 1957, vart ein radioslager og gjorde henne nasjonalt kjend.Sætre, S.M. (2021, 26. november). Marie Lovise Widnes (1930-2021). Dag og Tid, s. 14. Ho turnerte for mellom anna Folkeakademiet og Norsk Forfattersentrum frå 1949. Som tradisjonsberar song og las ho inn 134 gamle viser, regler og barnesullar for FAMR, folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

Widnes vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal for SV i 1989. Ho var også vararepresentant i perioden 1954–1957 for AP. Ho var medlem i Hareid kommunestyre 1971-1975, 1983-1987 og 1987-1989, og medlem av Møre og Romsdal fylkesting 1975-1979, 1979-1983, 1983-1987. I mai 2010 melde ho seg ut av SV.

Utdanning Sørmarka folkehøgskole 1952 Eksamen niårig ungdomsskule 1972

Stortingskomitéar 1989–1993 medlem i Sosialkomitéen 1989–1993 varamedlem i Valkomitéen

Offentlege verv Leiar Styret for Hareid alders- og sjukeheim 1984-1989 Nestleiar Fylkeskulturnemnda Møre og Romsdal 1971-1975 Medlem Fylkesnærings- og sysselsettingsstyret Møre og Romsdal 1983-1984 Medlem Helse- og sosialstyret Møre og Romsdal 1984-1987 Medlem Forbrukernemnda Møre og Romsdal 1984-1987, nestleiar 1987-1989 Medlem Nemnda for fylkessoga Møre og Romsdal 1987-1989 Medlem Statens korn- og kraftforråd 1958-1966 Varamedlem Norsk kulturråd 1969-1981 Medlem Forbrukerrådet 1989-1992 Varamedlem Billighetserstatningsutvalget 1990-1993 Delegat til generalforsamlinga i SN 01.01.1991 Leiar Hareid eldreråd 2008-

Tillitsverv i politiske parti Sekretær Hareid Sosialistisk Venstreparti 1975-1976, leiar 1978-1979, sekretær 1980-1981 Leiar SVs fylkestingsgruppe i Møre og Romsdal 1975-1987 Nestleiar Hareid SV 1976-1977 Medlem styret for Møre og Romsdal SV 1989-1997 Medlem SVs landsstyre 1995-1997

Tillitsverv i organisasjonar Sekretær Syltefjord Ungdomslag 1944-1946, leiar 1949-1950 Leiar Hareid Ungdomslag 1968-1970 Leiar Hareid Mållag 1987-1990, 1997-2002 Leiar Møre og Romsdal forfatterlag 1988-1989, kasserer 1997-1999 Medlem styret for Nei til EU i Møre og Romsdal 1994-1999 Medlem styret for Sunnmøre Mållag 1998-2000, leiar 2000-2005 Kasserar i Hareid Pensjonistlag 2007-

Andre administrative verv Medlem nemnda for Sunnmørsprisen 1969-1990

Prisar og utmerkingar Møre og Romsdal fylkes kulturpris 1981 Sunnmøre Mållags mediapris 1982 Kvinneprisen for Hareid og Ulstein 2000 Hareid Kommunes kulturpris 2001 Heidersmedlem Noregs Mållag 2006 Kongens fortenestemedalje i gull 2006

Bibliografi Eigne bøker Gangdøra og andre viser, Tiden Norsk Forlag, Oslo 1958 Kvardagsdikt, Forum for kristne sosialitar, Oslo 1979 Idsø, Liv Marit og Marie Lovise Widnes: Marie Lovise Widnes, tusenkunstnar og kvardagsmenneske, Det Norske Samlaget, Oslo 1986 Fragler - finst dei?, eige forlag, Hareid 1993 Målet hennar mor, eige forlag, Hareid 2001 Frå alle mine strengar - Dikt i samling, eige forlag, Hareid 2003 Ein glytt innom gangdøra, Setesdalsforlaget, Valle 2012 Utvalde dikt 1942-2016, Osberget, Ulsteinvik 2016

Andre bøker Fet, Jostein: Sunnmørsdiktarar 1600 - 1975, Det Norske Samlaget, Oslo 1977 Furseth, Astor, Ivar Grimstad og Ellinor Lervik (red.): Ut fjorden: ein antologi frå Møre og Romsdal forfattarlag, Det Norske Samlaget, Oslo 1986 Ellingsen, Svein: Da tenner moder alle lys: julen i norske dikt fra Wergeland og Landstad til våre dager, Aschehoug, Oslo 1991

Diskografi 78-plater utgjevne på Philips

Gangdøra(Elis Olsson/Marie Lovise Widnes)/Ei vise om ord (A.Berggren-T. Braarvig/Marie Lovise Widnes) - 14.08.1957 Framtidsdraumar(Kolbjørn Svendsen/Widnes)/Ein laurdagskveld (Trad./Widnes) - 14.-15.08.1957 Gniaren(Trad/Widnes)/Truls og Basse (Widnes)- 14.-15.08.57 Kjærleiksvegen (Widnes)/ Visa om bestemor (Trad ./ Widnes) - 15.08.1957 Kjærleik med forviklingar (A.Underdal/ Widnes)/Ei vise om kjærleik og dårskap (Trad. /Widnes) Ca. 15.08.1957 Klagesongen (Trad. / Widnes)/Kvardagsfilosofi (Trad./ Widnes) - Ca. 15.08.1957 Holebuarvise (Widnes)/ Guden og jenta (Widnes) - 1964

EP-plater (Philips) Gangdøra/Ei vise om ord /Framtidsdraumar/Ein laurdagskveld. Kjærleiksvegen /Visa om bestemor/Kjærleik med forviklingar/Ei vise om kjærleik og dårskap

Samle-EP-ar Barnas plate nr. 1 - Philips (Widnes: Truls og Basse/Alf Prøysen:Gutteklubben Varg/Magne Ove Larsen:Kom alle sammen bli med../Karsten Byhring: Guttas kjøkkenvise)

Samle-LP-ar Solid norsk gull (1974) (Philips) (Inneheld Gangdøra) Lirekassen nr 26 (Inneheld Gangdøra)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Eigen nettstad

Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:SV-politikarar Kategori:Folk frå Vanylven Kategori:Folk frå Hareid Kategori:Målfolk