Strandebarm er eit område og ei bygd i Kvam herad.
I området Strandebarm er det 4 bygder: Innstranda (folketal 182 i 2003) Strandebarm (687) Omastrand (295) Mundheim (168)
Strandebarm kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1876. Byggverket er i tre og har 550 plassar.
Fjellstrand AS er eit skipsverft som held til på Omastrand.
Tidlegare kommune Strandebarm er også ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland, oppretta i 1837 som Strandebarm formannskapsdistrikt. I 1862 vart Strandebarm delt i to, då Jondal vart skilt ut som eige herad. Strandebarm hadde etter frådelinga 1 663 innbyggarar. 1. januar 1902 skjedde ei ny deling i det Varaldsøy vart skilt ut som eigen kommune. Strandebarm hadde etter denne delinga 1 661 innbyggarar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm med 1 545 innbyggere slått saman med delar av Varaldsøy, Jondal og Kvam til det nye Kvam herad. Samtidig vart området Kysnesstranda i Strandebarm med 100 innbyggjarar slått saman med det meste av Jondal til den nye Jondal kommune.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Strandebarm kommune frå 1902 til 1965: 1.1.1902 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengde i Strandebarm 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1965 1661 1641 1612 1731 1700 1631 1645
Folk frå Strandebarm Torkel Lillefosse (1868–1946), botanikar Kaj Skagen (f. 1949), forfattar Jon Fosse (f. 1959), forfattar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Strandebarm» frå , den 17. mars 2007. Kvam kommune Folketal i skulekrinsar Kvam 2003
Fotnotar
Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Geografi i Kvam