Epte er ei elv i Seine-Maritime og Eure i Normandie i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Elva har sitt utspring i Seine-Maritime i Pays de Bray, nær Forges-les-Eaux, og munnar ut i Seinen ikkje langt frå Giverny.
I 911 etablerte Saint Clair-sur-Epte-traktaten elva som den historiske grensa mellom Normandie og Île-de-France. mini|250px|venstre|Måleri av Claude Monet frå 1899 av ei sideelv til Epte Claude Monet budde i Giverny nær elva i meir enn 40 år. I hagen hans rann ei grein av Epte, og han oppretta ein vasshage med sine vidkjende vassliljer og brua i japansk stil. Elva er med i fleire av måleria hans, mellom anna Peupliers au bord de l'Epte.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Normandie Kategori:Eure Kategori:Seine-Maritime Kategori:Sideelvar til Seinen