Vire er ei elv i Normandie i Frankrike. Ho er 118 km lang og renn gjennom departementa Calvados og Manche, og mellom anna gjennom byane Vire, Saint-Lô og Isigny-sur-Mer, før ho munnar ut i Den engelske kanalen.

Munningen av Vire er vorte kanalisert og dannar hamna i Isigny-sur-Mer.

Diktarane i Viredalen (Vau de Vire) skal visstnok ha vore opphav til vaudeville.

Stader langs elva: Calvados (14) : Vire, Pont-Farcy, Isigny-sur-Mer Manche (50) : Tessy-sur-Vire, Troisgots, Torigni-sur-Vire, Condé-sur-Vire, Sainte-Suzanne-sur-Vire, Saint-Lô, Rampan, Pont-Hébert, La Meauffe, Cavigny

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Normandie Kategori:Calvados Kategori:Manche