mini|Fødestaden til Händel i Halle, 2005 mini|Händelstatue i Halle, 1961 Georg Friedrich HändelIfølgje kyrkjeboka Georg Friederich Händel, anglisert George Frideric Handel (), var ein tysk-britisk komponist kjend for sine operaer, oratorium og concerti grossi. Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sida av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken.

Händel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle levde formative vandre- og læreår i Hamburg, Italia og Hannover. Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap 22. januar 1727.British Citizen by Act of Parliament: George Frideric Handel

Händel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane frå denne tida. Musikken til dei fleste av hans samtidige komponistar vart raskt gløymd etterkvart som musikksmaken endra seg, men verka til Händel har stått uavbrote på repertoaret i meir enn 250 år, lenger enn musikken til nokon annan komponist.

Det mest spelte verket hans er oratoriet Messias. Øvrige kjende verk er orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks. Händel var sterkt påverka av teknikkane til dei store komponistane i den italienske barokken, såvel som Henry Purcell i England. Musikken til Händel vart flittig studert av komponistar etter han, til dømes Haydn, Mozart og Beethoven.

Biografi Opphav og ungdom i Halle Den einaste kjelda til informasjon om ungdomstida til Händel er teologen John Mainwaring sin biografi Memoirs of the life of the Late George Frederic Handel.Georg Friedrich Händel, Hedwig Müller von Asow, John Mainwaring: Biographie, Briefe und Schriften (Google Books) Mainwaring fortel at han har opplysningane om det tidlege livet til komponisten direkte frå Händel. Nyare biografar har vist at kronologien i Mainwaring si framstilling ikkje kan vere korrekt, og sidan Händel sjølv fortalde lite om ungdommen sin, er kunnskapen om denne tida sparsam.

Far til Händel Georg (1622–1697) var barbér og sårlege i residensbyen Halle i hertugdømet Magdeburg, seinare vart han òg livlege for den wettinske hertugen Johann Adolf I. av Sachsen-Weißenfels. Etter at den første kona til Georg døydde i 1682, gifta han seg snart på nytt med den 32-årige prestedottera Dorothea Taust (1651–1730). Det første barnet deira døydde under fødselen. Året etter vart Georg Friederich fødd og etter han fekk paret to døtrer, Johanna Christina (1690–1709) og Dorothea Sophia (1697–1718). Händel heldt kontakt med systrene sine og borna deira heile livet.

Ifølgje biografen Mainwaring ønskte far til Händel at sonen skulle slå inn på ein juridisk karriereveg og motsette seg dei musikalske interessene hans. Dette endra seg først etter at faren og den åtteårige Händel avla eit besøk hos hertugen i saksiske Weißenfels. Orgelspelet til guten overtydde hertugen om at han stod overfor eit stort talent, og han overtalte faren som sjølv ikkje hadde interesse for musikk, om å la sonen få verte musikar. mini|Dagens Marktkirche Unser Lieben Frauen («Marienkirche») sett frå marknadsplassen. I denne kyrkja vart Händel døypt, og her lærte han å spele orgel.Tårnpara er skeive i forhold til kvarandre på grunn av ei forkasting under marknadsplassen Tilbake i Halle vart Händel elev av Friedrich Wilhelm Zachow (1663–1712), komponist og organist i Marienkirche. Komposisjonsstilen til Zachow utmerkte seg på den eine sida med stor romlegheit og på den andre (særleg i kantatekora) med ein frapperande tett kontrapunktisk tekstur. Händel tok seinare tematisk materiale frå Zachow og omarbeidde det på kunstferdig vis, det same gjorde J.S. Bach, som òg søkte stillinga til Zachow etter han døydde. Hos Zachow fekk Händel grunnleggende komposisjons- og instrumentalutdanning. Mainwaring hevdar at Händel byrja å komponere kantater alt då han var ni år. Under læretida skreiv Händel òg ei harpestemme til kantaten til Zachow, Herr, wenn ich nur dich habe.

I 1697 vart Händel ifølge Mainwaring send til det brandenburgske hoffet i Berlin. Hertugen til Magdeburg, kurfyrsten Friedrich III var lensherren til Händel, og han vart så imponert av det 12-årige vedunderbarnet at han tilbaud å finansiere musikkutdanning i Italia, og dersom utdanninga gjekk som venta, skulle han seinare få ei stilling ved hoffet i Berlin. Faren til Händel avviste tilbodet – framleis ifølgje Mainwaring. Kong Fredrik Vilhelm I av Preussen, som gjekk inn i historia som «Soldatkongen», vart seinare ein stor beundrar av komposisjonane til Händel. Händel sjølv stod openbert i kontakt med prøyssarkongen heile livet. Heilt til han vart engelsk statsborgar, var Händel borgar av Magdeburg og deretter av Preussen. I 1741 fortalde pressa at Händel kort tid etter Fredrik II av Preussen vart krona, hadde reist til Berlin for å oppvarte han. Kongen, som sjølv var komponist og dessutan ein dyktig fløytist, prøvde forgjeves å skaffe seg ein autograf av Händel etter at han døydde.

Da Georg Philipp Telemann i 1701 reiste frå Magdeburg til Leipzig, stoppa han i Halle for å bli kjend med «den alt då viktige Georg Fr. Händel.»Georg Philipp Telemann: Autobiographie, utgjeven av Johann Mattheson, s. 358 (Wikisource). Som Telemann fortel var dette kjennskapet byrjinga på eit konstruktivt og produktivt samarbeid mellom komponistane: «[…] i melodiske satsar […] og undersøkinga av desse hadde Händel og eg, gjennom hyppige besøk på begge sider, såvel som skriftleg, ei stadig sysselsetting». Far Georg døydde i 1697 og dette stoppa for ein tid framgangen til Händel. For å etterkome ønska til faren immatrikulerte Händel seg i 1702 ved det nyoppretta universitetet i Halle. Meininga var å studere rettsvitskap hos Christian Thomasius. Thomasius var den første universitetslæraren som forelas på tysk, og han medverka òg til å få slutt på hekseprosessane. Juskarrieren til Händel varte derimot ikkje lenge: 13. mars 1702 avbraut han studia til fordel for organistposten ved Hallesche Dom.

Hamburg Sommaren 1703 reiste Händel til Hamburg, der den første operaen i Tyskland, «operaen ved Gänsemarkt», som opna i 1678, blømde under leiinga til komponisten Reinhard Keiser. Händel spelte i operaorkesteret, først fiolin og seinare cembalo.Donald Burrows. Handel. Oxford University Press, 1994. Her møtte han Christoph Graupner og vart ven med komponisten, dirigenten og songaren Johann Mattheson som seinare skreiv viktige musikkteoretiske skrifter, til dømes Das Neu-Eröffnete Orchestre og Grundlage einer Ehrenpforte. Då det vart kjent at posten som organist ved Mariakirche i Lübeck var i ferd med å verte ledig fordi den kjende komponisten og organisten Dietrich Buxtehude byrja å dra på åra og ville pensjonere seg, reiste Händel og Mattheson i august 1703 til Lübeck. Det enda med at ingen av dei søkte på jobben på grunn av den tradisjonelle skikken med at den nye organisten måtte gifte seg med dottera til forgjengaren.

Dei to sterke personlegdomane hadde eit tidvis spent forhold, og midt under ei framføring av Matthesons opera Cleopatra kom det til ein støyande konfrontasjon om den musikalske leiinga av oppføringa. Konflikten førte til ein kårdeduell ved Gänsemarkt-operaen. Ingen av dei vart skadde, men etter denne hendinga var forholdet spent og reservert. Seinare lét Händel, trass førespurnader frå Mattheson, vere å levere biografiske data til Matthesons Grundlage einer Ehrenpforte. Til gjengjeld fletta Mattheson hatefulle og nedsetjande kommentarar inn i den tyske omsetjinga si av Händel-biografien til John Mainwaring.

Den 8. januar 1705 vart Händels første opera, Almira, med stor suksess, uroppført i Hamburg. Få veker seinare , 25. februar, følgde uroppføringa av Nero. Medan Nero vert rekna som tapt, gjev Almira, med blandinga si av både tysk og italiensk operaform og språk, eit interessant døme på ei tidstypisk operaform i Gänsemarkt-operaen. Händel omarbeidde fleire tema frå Almira i seinare verk, til dømes bygde han ved hjelp av opningstemaet i tredje akt «Lebet beglückt, höchst seeliges Paar» noko seinare det grandiose sluttkoret «Gloria Patri» i Dixit Dominus.

Händel komponerte ytterlegare ein opera i Hamburg, men han hadde eit slikt omfang at han vart splitta i to verk, Daphne og Florindo. Òg desse operaene vert rekna som tapte. Etter å ha avvist fleire tilbod om ei Italia-reise frå adelege mesénar, mellom anna truleg frå storhertugen av Toscana, Gian Gastone de’ Medici, reiste Händel sommaren eller hausten 1706 til Italia for eigen kostnad. Tilbake i Hamburg låg to kister med komposisjonar, begge er tapte.

Italia mini|Domenico Scarlatti, Domingo Antonio Velasco (1738) Händel si studiereise gjennom Italia varte i fire år. Han stoppa mellom anna i Firenze, Roma, Napoli og Venezia. Dei eksakte omstenda rundt opphalda i desse byene er ikkje kjende, men det er overlevert fleire anekdotar frå møte med andre musikarar, som Arcangelo Corelli, Antonio Lotti, og Alessandro og Domenico Scarlatti. Händel vart kjend under namnet Il Sassone («Saksaren»), og då cembalovirtuosen og komponisten Domenico Scarlatti høyrte eit forrykande cembalospel under ein maskerade i Venezia, skal han ha ropt ut: «Anten er dette den kjende saksaren, eller så er det djevelen». Sidan det var ein maskerade, spelte Händel med ei maske over andletet. Mainwaring fortel at det kom til meiningsutvekslingar mellom Corelli og Händel over framføringa av dei doble punkteringane i dei langsame yttersatsane av den opphavlege ouverturen til Il Trionfo del Tempo i del Disinganno. Händel, som hadde eit hissig gemytt, skal ha rive fiolinen ut av handa på Corelli for å demonstrere korleis han ønskte at punkteringane skulle utførast. Corelli på si side var ein elskverdig mann, og han kommenterte: «Min kjære saksar, denne musikken din er i fransk stil, og den forstår eg ikkje». Corelli gjorde Händel den tenesta å komponere ein ny ouverture i italiensk stil.

Händel produserte to operaer i Italia, Rodrigo (sommaren 1707) i Firenze og Agrippina (årsskiftet 1709-10) i Venezia, den siste med ein libretto av kardinal og visekonge av Napoli, Vincenzo Grimani (1652–1710). Ouverturen til Agrippina med det intense tremolo-baserte fugetemaet over ein liten heksakord vert rekna som ein av Händels ypparste operaouverturar. I det heile var Agrippina eit eineståande modent verk, og det vart ein stor publikumsuksess med heile 27 førestillingar. Med Agrippina fann Händel fram til operastilen sin og etablerte sitt ry som operakomponist.

I Roma hadde det vore jordskjelv og byen var truga av krig, så pave Klemens XI la ned forbod mot operaoppføringar i byen. Händel skreiv derfor to oratorium, den geistlege La Resurrezione (våren 1708) og den allegoriske Il Trionfo del Tempo e del Disinganno (våren 1707) med tekst av av kardinal Benedetto Pamphili (1652–1730). Il trionfo vart truleg oppført heime hos kardinal Pietro Ottoboni(1667–1740), som i likskap med Pamphili var ein viktig velgjerar og mesén for Händel. Materialet i Il Trionfo omarbeidde Händel to gonger i London: 1737 og til slutt i 1757 som The Triumph of Time and Truth. Vidare komponerte Händel den kjende Dixit Dominus (over salme 110 i Salmane ), serenataen Aci, Galatea e Polifemo (Napoli 1708), såvel som talrike kor- og solokantatar i Italia.

Händel hadde no lagt grunnsteinen til ryktet sitt, og i 1709, medan han framleis var i Venezia, tilbaud kurfyrst Georg Ludwig av Hannover han posten som kapellmeister ved hoffet i Hannover. Händel aksepterte tilbodet, men sikra seg først aksept for å kunne reise vekk for lengre tidsrom no og då. Dette høvet nytta han seg av alt etter få månader; offisielt byrja han i stillinga 16. juni 1710, men reiste til London ved slutten av året.