Anatolij Timofejevitsj Fomenko () er ein russisk doktor i fysikk og matematikk og medlem i Det russiske vitskapsakademiet. Han er professor ved Universitetet i Moskva.
Fomenko vart fødd i Donetsk i Sovjetunionen (i det noverande Ukraina.) Anatolij Fomenko er forfattar av ei rekkje bøker om utviklinga av nye statistiske metodar og det å bruka dei til å analysera historiske krønike, samt antikken og mellomalderen. Fomenko er ein forkjempar for å drastisk revidera kronologisk historie. Han har skapt sin eigen revisjon som vert kalla Ny kronologi, som er basert på statistiske tilhøve, og å studera matematikk og astronomi.
Dei fleste russiske vitskapsfolk reknar dei historiske verka til Fomenko for å vera pseudovitskaplege.
Kjelder
Teksten er henta frå Engelsk Wikipedia om Fomenko.
Kategori:Russiske matematikarar Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Russiske vitskapsfolk Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Matematikarar på 1900-talet