Aubervilliers er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 7,2 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Med over 70 000 innbyggjarar fordelt på berre litt over 5 km² er han ein av kommunane i Europa med størst folketettleik.

Datasenteret Telecity Paris, som husar Wikimedia sine servarar, ligg i Aubervilliers.

Namn I mellomalderen vart namnet Aubervilliers skrive som Alberti Villare, som tyder «eigedomen (villare) til Adalbert». Adalbert er eit germansk førenamn som tyder «adleg (Adal-) og kvikk (-bert)», og som har gjeve det meir moderne namnet Albert.

Historie 1. januar 1860 vart byen Paris gjort større ved å annektere nabokommunane. Samtidig vart ein liten del av kommunen Aubervilliers annektert av Paris, medan kommunen La Chapelle-Saint-Denis vart oppløyst og delt mellom Paris, Aubervilliers, Saint-Denis og Saint-Ouen. Aubervilliers fekk derimot berre ein liten del.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Seine-Saint-Denis Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Paris