Maisons-Alfort er ein kommune i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 8,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og om lag 55 000 innbyggjarar.
Maisons-Alfort er kjend for Den nasjonale veterinærskulen i Alfort, veterinærskulen med best rykte i Frankrike. Fort de Charenton vart konstruert mellom 1841 og 1845 og har sidan 1959 husa Commandement des Écoles de la Gendarmerie Nationale.
Namn Opphavleg var Maisons-Alfort berre kalla Maisons. Namnet Maisons kjem frå det mellomalderlatinske ordet Mansiones, som tyder «husa».
Då kommunane vart oppretta under den franske revolusjonen vart namnet til grenda Alfort tatt med i lag med Maisons for den nye kommunen. Namnet Alfort kjem frå godset som vart bygd her av Peter av Aigueblanche, biskopen av Hereford (England), på midten av 1200-talet. Namnet på dette Godset av Hereford endra seg etter kvart til Harefort, så Hallefort og til slutt Alfort.
Historie 1. april 1885 vart 40 % av områda i Maisons-Alfort ein del av kommunen Alfortville.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Val-de-Marne Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Île-de-France Kategori:Paris