Die (uttalt ) er ein liten by og kommune søraust i Frankrike og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Drôme.

Die er mest kjend for Clairette de Die (), ein musserande vin.

Historie Die har vore eit bispesete sidan 200-talet, og St. Martinus (220) vert rekna som den første biskopen av Die. På 1200-talet vart bisepdømet slått saman med bispedømet i Valence for at kyrkja her skulle stå sterkare mot Huset Poitiers. Denne samanslåinga varte i fire hundreår, og vart annullert av kong Louis XIV, som peikte ut ein biskop i Die for å kjempe mot protestantismen.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Drôme Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Auvergne-Rhône-Alpes