Whalsay (av norrønt Hvalsey, 'Kvaløy') er ei øy i Shetlandsøyane i Skottland. Øya ligg austom Shetland Mainland og hadde i 2001 vel 1030 innbyggjarar. Øya er frodig og relativt tett busett. Dei viktigaste næringsvegane er fiskeria og jordbruket (crofting).
Viktigaste landsbyen er Symbister sør på øya. Der har fiskeflåten heimehamn. Ferjene til og frå Mainland går mellom Symbister og Laxo og Vidlin. Til vanleg er det to ferjer som går i trafikk mellom Symbister og Laxo. Ferjene går kvart 45. minutt, og overfarten tek om lag 30 minutt. Når vêret er for hardt og sjøen for grov går ferjene til Vidlin i staden for til Laxo. Denne turen tek i godt vêr om lag 45 minutt, men i dårleg vêr kan det ta mykje lenger tid.
Øya har òg ei flystripe, ho ligg ved Skaw nord på øya.
Andre landsbyar er Clate, Isbister, Sandwick, Saltness, Challister og North Park.
Ved Skaw ligg Skaw Taing som er ein 18-hols golfbane, den nordlegaste i Storbritannia.
Whalsay er òg kjend som «bonny isle».
Utviklinga av folketalet på Whalsay År Folketal 1841 628 1861 728 1871 854 1881870 1931 900 1961 764 1971 870 1981 1025 1991 1041 2001 1034
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Whalsay» frå , den 29. mai 2007.
Bakgrunnsstoff Nettstader «Whalsay» frå Gazetteer for Scotland scottishislands.org.uk Shetland in Statistics 2006 frå shetland.gov.uk Lydprøvar på Whalsaydialekten
Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland Kategori:Øyar i Shetlandsøyane