Pfinz er ei elv i Baden-Württemberg i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 60 km.

Ho har sitt utspring nord i Schwarzwald nær Pfinzweiler i Straubenhardt. Nær Durlach renn ho ut på den øvre elvesletta til Rhinen og held fram i fleire greiner og kanalar. Ho renn hovudsakleg nordvestover gjennom fleire byar og landsbyar nord for Karlsruhe, som Staffort. Pfinz munnar ut i Rhinen nær Dettenheim-Rußheim. Pfinz vert kryssa av to kanalar, ein nær Hagsfeld i Karlsruhe og ein ved Dettenheim-Rußheim.

Pfinz har gjeve namn til byen Pfinztal. Byen vart danna då fire tidlegare sjølvstendige landsbyar nær Pfinz vart slått saman på 1970-talet.

Området rundt elva vert tradisjonelt kalla Pfinzgau.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pfinz» frå , den 11. juni 2007.

Kategori:Sideelvar til Rhinen Kategori:Elvar i Tyskland Kategori:Baden-Württemberg