Hjalmar Sejersted Falk () var ein norsk språkforskar frå Vang i Hedmark.

Han vart student 1876 og tok språkleg-historisk lærareksamen 1882. Sidan var han i fleire år lærar i Kristiania, men heldt ved sida fram med vitskaplege studie, særleg av germanske språk og nordisk mytologi, til dels under stipendopphald i Tyskland og England. I 1888 tok han den filosofiske doktorgraden på avhandlingan «Om nomina agentis i det oldnorske Sprog», han vart universitetsstipendiat i 1890, dosent i 1895 og professor i germansk filologi ved Universitetet i Kristiania i 1897. Som universitetslærar, særleg som lærar i tysk, arbeidde han for ei meir praktisk og moderne språkundervisning. Han offentleggjorde ei rad arbeid av språkvitskapleg, filologisk og kulturhistorisk art, for det meste i «Nordisk Arkiv for Filologi» og i skrift utgjevne ved Videnskabsselskabet i Kristiania. Saman med Alf Torp utgav han Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog (1901–06). Han var leiar i komitéen som utarbeidde rettskrivinga av 1917.

Verk Vanskabninger i det norske Sprog (1893) Sprogets visne Blomster (1894) Kulturminder i Ord (1900)

Artiklar Om Svipdagsmål (1893)

Kjelder Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen, som oppgjev som kjelde Salmonsens konversationsleksikon. Anden Udgave Hjalmar Falk i Norsk Biografisk Leksikon

Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Hamar