Bochum er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 370 000 innbyggjarar. Han ligg i Ruhr-området mellom byane Essen og Dortmund.
Bochum har sitt eige bryggeri, Moritz Fiege, som produserer pils.
Historie Sjølv om Bochum vart grunnlagd på 1300-talet var byen lite viktig fram til 1800-talet då kolbryting og stålindustri oppstod i Ruhr-området, og heile regionen byrja å vekse. Folketalet i Bochum vart tidobla mellom 1850 og 1890.
Under den andre verdskrigen vart byen utsett frå kraftige bombeåtak frå britiske og amerikanske bombefly. Nesten heile sentrum av byen vart øydelagd og tusenvis av innbyggjarar mista livet.
Mellom 1960 og 1980 vart alla gruvene stengd og andre industriar, som bilindustri, tok over. I 1965 vart Ruhr Universitet opna, det første universitetet i Ruhr-området og det første som vart oppretta i Tyskland etter krigen. Etter ein omfattande samfunnsreformasjon i 1975 vart Wattenscheid, ein tidlegare sjølvstendig by, ein del av storbyområdet til Bochum. Innbyggjarane i Wattenscheid protesterte til ingen nytte.
Attraksjonar To slott frå mellomalderen overlevde krigane på nordbreidda av elva Ruhr. Meir kjend er det tyske gruvemuseet, musikalen Starlight Express (som hadde premiere i 1988) og det nostalgiske togmuset i bydelen Dahlhausen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bochum» frå , den 15. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen Kategori:Hansaen