mini|Jekte under segl (i framgrunnen). I tillegg til skumfarseglet er det toppsegl og tre bonettar. mini|«Brødrene» er ei rekonstruert nordlandsjekt. I tilegg til skumfarseglet er det fire bonettar, men ikkje toppsegl.

Ei jekt er ei lita seglskute, med berre ei mast, med råsegl. Over råseglet kunne jekta føra eit rå-toppsegl. Lengda kunne vera 15-25 m og breidda meir enn 1/3 av lengda. Etter storleiken reknar Godal jektene til ein mellomting mellom båt og skip. Dei eldre jektene var klinkbygde, men utpå 1800-talet vart det òg vanleg med kravellbygging. Jektene hadde halvdekk fram (plitten) og akter, med eit ope lasterom i midten rundt masta. Jektene spela ei viktig rolle for fraktefarten langs norskekysten fram til dampskipa tok over rundt 1880.

Utviklinga av jekta mini|Jektemåleri av ukjend kunstnar frå 1700-talet. Jekta fører Dannebrog, ettersom Noreg var i union med Danmark på 1700-talet. Ein veit ikkje når dei fyrste jektene vart bygde, men likskapen med vikingskipa, spesielt knarren, tyder på at dei vart utvikla i Noreg. Akkurat som knarren hadde jektene halvdekk fram og akter, med eit ope lasterom i midten rundt masta. Til skilnad frå vikingskipa (knarren og byrdingen), som hadde styreåre på sida, hadde jektene roret på ein flat akterspegel. I Båsmyr nord for Sandefjord er det funne ein halv meter lang leikebåt frå 1200-1300-talet med rett akterstamn. Så overgangen til ror på akterstamnen skjedde truleg i mellomalderen. Men ein treng ikkje akterspegel for å plassera roret på akterstamnen, så grunnen til at jektene hadde akterspegel kan ha samanheng med at det gav betre rom i vengen (overbygget/kahytta bak). Dette veit ein likevel ikkje sikkert.

I Sverres sagaSverres saga, Heimskringla - Norges kongesagaer, omsett av G. Storm og A. Bugge, I.M. Stenersens forlag, 1914. blir det fortalt om at kong Sverre Sigurdsson i 1177 møtte vågaflåten på 50 byrdingar ved Raudabjorg. Skipa var lasta med tørrfisk frå Vaagar i Lofoten på tur til Nidaros. Dette tyder på at handelsruta mellom Hålogaland og Trøndelag var etablert alt i mellomalderen. Eit kalkmåleri frå 1300-talet i Højby kyrkje i Danmark, som skildrar ei legende om kongesønene Olav og Harald som kappseglar til Trondheim, syner to skip som minner om jekter. Skipa er spissgatta, så om kunstnaren har skildra skipa realistisk er dei enda ikkje fullt utvikla jekter. Lovundbåten frå omlag 1450 var òg spissgatta. I fylgje Nielsssen kan dei tidlege jektebyggarane ha henta inspirasjon frå lasteskip frå Tyskland, Nederland og England, og den hanseatiske koggen, men jektene er sopass forskjellig frå desse at det ikkje kan vera snakk om at dei har tent som mal. Pedersen meiner at jekta kan ha utvikla seg frå byrdingen, ved at han på slutten av 1400-talet eller på byrjinga av 1500-talet har vorte utstyrt med akterspegel. Den fyrste skriftlege kjelda som nemner jektene er eit brev frå 1526, der «den sorte iacht» er nemnd. Kiil nemner at det i 1568 vart sendt 34 skip og jekter nordover frå Bergen. Dette kan tyda på at jektene var i bruk midt på 1500-talet. Kiil meiner at rundt år 1600 hadde jekta fått den endelege forma.

Skroget mini|Den klinkerbygde jekta «Sara Kjerstine» av Hitra ved kai ved Trondheim. mini|«Anna Olava» er ein kopi av ei klinkerbygd sunnmørsjekt. Ho er i operativ stand og er eigd av Herøy kommune. Ein ser «rormannen» på toppen av roret. Skroget var breitt i framkant og smalna av noko attover. For å få så stor lastevne som mogleg var jektene om lag dobbelt så breie og djupe som andre storbåtar av same lengd. Kjølen var som oftast sett saman av to delar; den bakre delen var rett, medan den fremre delen, kalla «lot», var svakt krumma oppover til han vart føydd saman med stamnen.

Materialane som vart nytta varierte med landsdelen, etter kva som var tilgjengeleg. I Hålogaland vart det nytta både gran og furu, i Trøndelag mest gran og nedover Vestlandet furu.

Huda Jektene var opphavleg klinkbygde, men utpå 1800-talet gjekk mange over til kravellbygging. Nokre klinkbygde jekter vart òg «kravellerte» (òg kalla «klaverte») i samband med reparasjon eller ombygging, anten ved at klinkerhuda vart skifta ut med kravellhud, eller at kravellhud vart lagt utanpå klinkerhuda. Dimensjonen på bordgangane i dei klinkbygde jektene kunne variera frå 4 til 5 cm, tjukkast på dei største jektene. Dei største klaverbygde jektene på 1800-talet kunne kunne ha enda tjkkare bord: ved rekonstruksjonen av nordlandsjekta «Brødrene» til dømes vart det nytta 7,6 cm tjukke bord. Borda vart festa til spanta med trenaglar. I staden for garnering vart det på dei gamle klinkbygde jektene nytta lause bord på innsida av spanta når det trongst for å beskytta lasta.

Spant og avstiving Jektene hadde krafige spant, som var plasserte med ein dryg halvmeters mellomrom. Spanta var vanlegvis skøytt med skråskøyt (skarvskøyt), heldt saman av trenaglar. Skroget var avstiva tverrskips med tre «bettar», som var bjelkar mellom spanta på kvar side. Den fremre beten var plassert framom lasterommet, ved plitten, den midtre ved masta og den bakre rett framom vengen. Mellom akterbeten og mastebeten var det to stokkar på kvar side, kalla «kinnan». Framon masta var det berre ein noko grovare bjelke. Frå kjølsvinet til mastebjelken var det ein stor flatrydd stokk kalla «sporfjøla».

Langs heile sidene gjekk det innanføre den øvste bordgangen ein brei planke, kalla «vassbord» eller «skandekk», som òg var med på å stiva av skroget. Ofte var det to fenderlister (langisar) som beskytta hudborda. Den nedste av desse gjorde òg teneste som lastemerke.

Ope lasterom Med unnatak av siste halvdel av 1800-talet hadde ikkje jektene dekk. Over det opne lasterommet låg det lause flakar. Når rommet var tomt låg flakane på lause «flakåsar». Når rommet vart fylt opp vart flakane lagt over lasten og botne fast. Forma og det lause dekket gjorde jekta spesielt godt eigna for frakt av tørrfisk, som hadde låg tettleik og difor tok stor plass. Fisken, eller «farmen» som tørrfisklasta vart kalla, var stabla fleire meter over ripa og det vart plasser flakar både over og på sidene av farmen. Når ein frakta trelast var det ikkje så kritisk med litt sjøsprøyt, men når det vart frakta tørrfisk var det viktig at flakane vart plasserte slik at veta rann av og ikkje trengte inn i lasta. Det hende likevel at fisken vart skemd, noko som er godt dokumentert i rettslege dokument. Ei ulempe med det opne lasterommet var at når jektene var lasta hadde dei ikkje så stort fribord, så dei høvde ikkje som havseglarar.

Vedlikehald og haldbarheit Skroget var noko lealaust, som førte til at jektene ofte lak og mannskapet laut bruka mykje tid på pumping. Ein metode som vart nytta for å bøta litt på lekkasjen var mauring, som gjekk ut på å sleppa maurtueboss i vatnet ved skipssida. Der det var tilgang på sagflis vart det nytta. Noko av bosset ville då verta suge inn i skroget der det var lekkasjar. Dette arbeidet måtte utførast når det var stilt. Det er ikkje kjent kor effektiv denne metoden var, eller kor lenge det hjelpte.

For å beskytta jektene mot pålemakk vart dei tjærebredde og når dei ikkje var i bruk vart dei sette på land. Pålemakken trivst ikkje i feskvatn, så ein måte å redusera problemet på var å legga jektene i ein elveos. I Hålogaland var håsetene pliktige til å vera med på å dra opp og sjøsetta jektene. Når jektene var komne opp på land vart groe av skjel, rue og andre orgasnismar skrapa av og skroget vart tjørebredd på nytt. På trass av dette vart jektene sjeldan meir enn 20-30 år før dei laut kondemnerast.

Lastevne Ein har ingen sikre opplysningar om kor store dei eldste jektene var, men dei var truleg ikkje så store. Lasteevna til ei jekt vart oppgjeven i lestar eller tønner. Sjølv der ein har talverdiar er det vanskeleg å samanlikna, på grunn av at det var fleire typar lestar: det var «smale lestar» tilsvarande 12 tønner, «grove lestar» tilsvarande 24 tønner, og frå 1600-talet og utover «kommerselestar». I tillegg kjem det at både tønner og lestar vart nytta både for volum (til korn til dømes) og masse og at målet til dels varierte etter kva slags last det var. Lest som mål på masse kunne vera 6-16 skippund (960-2560 kg). Det fanst ingen formelle metodar for oppmåling, så når lasteevna skulle bestemmast nøyde ein seg med ein omtrentleg verdi basert på augemål. Opplysningar om lasteevne er difor svært omtrentlege. Eit døme som illustrerer dette er at ei jekt frå Mjønes i Skjerstad i 1790 vart «målt» til 18 kommerselestar, men ei taksering i 1796 kom fram til 60 lestar. Jekteskipperane betalte skatt etter lasteevna, og jektene vart registrerte fyrste gongen dei kom til Bergen, og lastevna vart då brend inn i mastebeten. Skipperane var difor interesserte i at registrert lastevna skulle vera minst mulig, for å redusera skatten.

Små jekter kunne ha ei lasteevne på nokre få tønner, medan dei største på slutten av 1800-talet kunne lasta over 60 tønner. Gjennomsnittleg lasteevne for 24 jekter frå Helgeland var i 1652/53 på 9 1/3 lestar, medan tilsvarande tal for 16 jekter frå Salten var på 13 1/3 lestar, for 8 jekter frå Vesterålen 21 lesatr, for 10 jekter frå Lofoten 14 lestar, tre jekter frå Andenes vart på 23 lestar, 14 jekter frå Senja var på 13 1/2 lestar og i Troms var på 13 1/2 lestar. Kiil nemner at presten på Rødøy i 1660-åra hadde ei jekt på 24 lestar. Ein kompliserande faktor er at jekteskipperane nytta smala lestar, medan tollarane nytta kommerselestar. Det er ikkje kjend kva for lestar desse gjennomsnittsverdiane siterte over syner til. Vestlandsjektene, som ofte vart bygde for å frakta ved vart ofte målt etter kor mykje ved dei lasta. Holvikjekta til dømes, som hadde ei lengd på 19,7 m, ei breidd på 8,3 m og ei djupn på 2,95 m, lasta 120-150 mål ved, men det er noko uklart kor mykje eit mål var.

Utover 1700-talet gjekk fiskarane over til å nytta garn og fangsten auka. Det var difor meir fisk å føra til Bergen og storleiken på jektene auka. I fylgje ei oppmåling av 44 nordlandsjekter utført i Bergen i 1789-1791 og 1793 var gjennomsnittleg lastevne på 18 kommerselestar. Frå 1830 og utover auka storleiken på jektene, frå ei gjennomssnittleg lengd på omlag 12 m til rundt 22 m. På slutten av jekteperioden sist på 1800-tallet kunne ein grovt dela jektene i tre storleikar: «småjekta» som hadde ei lasteevne på rundt 400 tønner (33 lester/59 tonn), «mellajekta» ssom hadde ei lasteevne på rundt 700 tønner (58 lester/104 tonn) og «storjekta» som hadde ei lasteevne på rundt 1000 tønner (83 lester/150 tonn). Den største jekta ein kjenner til var «Bue Digre», var hadde ei lengd på omlag 26 m, og ei lasteevne på 1600 tønner, tilsvarande 133 kommerselestar eller 240 tonn.

Vengen mini|Vengen på «Holvikjekta». Dette er ei stor jekt og det er god plass både for skipper, prest og fut. Vengen var eit overbygg, eller kahytt, bak på jekta. Ofte var det vindaugo på akterspegelen. På små jekter var det ikkje så mykje rom i vengen, så det var knapt nok plass til skipperen og styrmannen. På mindre jekter heldt resten av mannskapet til under halvdekket i baugen (plitten). Men reisande storfolk (embetsmenn, som futar og prestar) fekk som oftast plass i vengen. Varer som ikkje tålte væte vart òg stuva under plitten, så det var kanskje ikkje alltid så mykje rom att for mannskapet. Det hendte nok at sume av mannskapet laut sova under flaka, saman med fisken. På nokre jekter var vengen så stor at storparten av mannskapet fekk plass der. Vengen vart då delt i to rom, slik at skipper og styrmann fekk sitt eige «vengkammer». I vengen var det som oftast ein omn eller ei grue, der ein koka mat og kaffi. Det var ofte ein skårunge som var ansvarleg for matstellet.

Akterspegel og ror mini|Vengen på jekta «Sara Kjerstine». Her ser ein òg rorkulten, som kan låsast i ein bestemt posisjon. På denne jekta er det ikkje «rormann» på toppen roret.