Saría (gresk Σαρία) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er ei steinete og vulkansk øy like nord for Kárpathos. Mellom Saría og Kárpathos går det eit 100 meter breitt sund. Øya har lite vegetasjon og mange skarpe klipper. Øya høyrer til Kárpathos kommune og har 46 innbyggjarar (2021).Folketeljing 2021 Sjølv om det berre bur få menneske på Saría i dag, for det meste gjetarar, kan ein finne ruinane av den antikke byen Nísyros her. Ho er òg hekkeområde for leonorafalk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Saria Island» frå , den 5. august 2007.

Saria Saria